Må fylle behovet
Aker treng lærlingar innanfor rør, stål sveis og mekanisk. - Men har du ikkje høyrt om finanskrisa då, Lekven?
- Vi er i høgste grad prega av det som skjer, men må fylle behovet vi har for folk. Det er avgang, og det er arbeid, og det er ikkje lett for oss å finne og fylle opp med lærlingar, konstaterer Lekven, som har god sysselsetting i bedrifta ut året.

På pratebenken: Anne Bodil Hestenes Tislevoll, rektor på Fitjar og Leif Helge Engelsen, ny rektor på Stord. -Det kjem til å gå fint med den opplæringa han fekk som assisterande rektor på Fitjar, smiler ho
- Kva med 2010?
- Vi deltek mykje internasjonalt, men når vi kjem til 2010, er vi avhengig av nye utfordringar, slår Lekven fast.
Utdanningsmessa var fylt med gode utstillingar og døme på ungt entreprenørskap. – Regionen har eit spennande og allsidig arbeidsliv. Og hugs at det er totalkompentansen dykkar det gjeld, sa Lekven då han opna messa.

-Vi treng meir enn 40 nye lærlingar i år, fortalte Stein Birger Lekven. Her er han på hydraulikkstasjonen saman med Bjarne Urdal, som er instruktør for opplæringa i Aker Solutions.
Utanningstipendet på 25 000 kroner gjekk til Silje Framnes, som utdannar seg til grafisk designar, og det er ikkje kor som helst i verda.
- Eg har bakgrunn i samfunnsfag og studiar i japansk og har fått studieplass på Nippon Design College i Japan. Draumen min er å kome tilbake hit og etablere meg med eiga verksemd, fortel ho.
Stord vidaragåande fekk prisen for beste stand, som dei fekk i fjor. Hordaland fylkeskommune var også med.
- Utdanningsmessa her er den nest største messa i Hordaland. Messa er prega av god oversikt, mange bedrifter støttar opp, skulane er ivrige og fagopplæring og yrkesopplæring er med og gjer dette til ei messe med stort omfang og nedslagsfelt, sa inntaksleiar Nils Skavhellen.

Silje Larsen slo eit slag for Voss jordbruksskule.- Eg har søkt hestelinja neste år og gler meg til å reise til Ungarn. Men planen er å bli politi, seier ho. Det finst mange fine politihestar rundt om.
- Eg trur nesten vi har den beste messa på heile Vestlandet. vi har ei hovudrolle i fagopplæringa. Derfor er det sers viktig at vi er til stades, supplerer Egil Berge, avdelingsleiar på Stord-kontoret for fagopplæring.
Til topps med Åse
Skulane var aktive og lokka med skuleplass og fine brosjyrar. – Vi har registrert god interesse for Etne mellom 10.klassingane, fortalte faglærar Erling Nesse, som snakka varmt om den nye lina for interiør og design.
- Elevtalet stig, og vi er no oppe i nærare 70. Vi gler oss til nye lokale, seier Nesse. Helen Tverrdal flytta til Etne for å lære meir om medier og kommunikasjon. Det har ho ikkje angra på.
- Vi har det kjempekjekt på skulen og i fritida. Det er sosialt, og alle kjenner alle, seier Helene.
Men friskast av alle var Åse Fretheim, leiar av senter for yrkesrettleiing. Berre sjå på bileta og bli imponert av Åse, som gjekk heilt til topps blant elektromontørane.

Til topps: Åse Fretheim har nådd toppen og skal snart ned att
- Kva tenkte du då, spurte vi på beste reportasjemåte. – Eg hadde kun ein tanke i hovudet, og det var å kome meg trygt ned att. Men moro var det, lo ho. Etterpå.

Tryggleiken først: Åse Fretheim, leiar for senter for yrkesretteiing, skal utfordre elektromontørane i klatrestolpen