Vilmøy og Kari fer til Orknøyane

Måndag ber det vest i havet for 16-åringane Vilmøy Asmussen Gaustad og Kari Halland. Då fer dei til Kirkwall på Orknøyane for skulestart på Kirkwall Grammar School. - Vi gler oss veldig, og foreldra våre har oppmuntra oss til å gi oss i veg. Vi er spente

- Rike tradisjonar

- Det vonar eg verkeleg at dei gjer, for dette er to framifrå jenter. At Vilmøy og Kari fall pladask for Orknøyane, er triveleg. Fylket har rike tradisjonar å ta vare på vest i havet, seier rektor Inge Alver.

Dei to gjekk i parallellklassar i fjor, og har i sommar sett godt inn i historia på Orknøyane. Difor veit dei at dei vert godt mottekne når dei landar i Kirkwall.

Kari Helland og Vilmøy Asmussen Gaustad med siste finpussen før dei fer til Orknøyane og skulestart på Kirkwall Grammar School.
Kari Helland og Vilmøy Asmussen Gaustad med siste finpussen før dei fer til Orknøyane og skulestart på Kirkwall Grammar School. Rektor Inge Alver ynskjer lukke til på ferda.

Seinast i fjor skifta Orknøyane flagget til raudt, gult og blått. Norskdommen står sterkt vest i havet, og vikingane er for lengst tilgjevne.

- Korleis vart dei kjend med skuletilbodet?

- Vi fekk info av to elevar frå Knarvik som hadde vore med på det same opplegget. Dessutan fann vi ein liten notis på skuleportalen om skuleår på Orknøyane. Vi synest at det var alt for lite kjend rundt om at fylket tilbyr eit år med gratis skule og opphald, meiner dei.

- Kva er planane for fritida på Orknøyane?

- Eg spelar fotball i forsvar på Radøy-Manger. Eg las alle brosjyrane eg fekk frå Kirkwall. Der stod det masse om gutefotball og klubbar. Heilt nedst stod det med lita skrift at hvis du er jente og vil spele fotball, må du ringe eit bestemt telefonnummer, ler Kari. Det er mange ledige plassar på det norske landslaget, som vi alle har sett frå Beijing.

Undervasshockey

- Eg kjem til å sakne Masfjorden og det nye hoppefølet mitt på garden vår. Men dei har mange hestar på Orknøyane også, så eg reknar med at det blir mykje ridetrening, seier Vilmøy.

Skuleåret er på engelsk og med eit heilt anna system og rytme enn heime. - Vi har hatt jenter på Orknøyane før, og åra i skulen har lært meg at når det kjem til internasjonalisering, er dei mykje meir internasjonalt innstilte enn gutane er. Fellesfaga skal dei få på It’s learning, skule-pc-en, som dei får med, og med hjelp av fjernundervisning, seier Alver.

Langt frå nok med det: Her på nettsida vår kjem dei til å sende inn bloggar og fortelje om dagleglivet vest i havet. Kanskje får bilete av Vilmøy og Kari når dei spelar undervasshockey. Det er eit fritidstilbod Kirkwall Grammar School må vere temmeleg åleine om, sjølv midt ute i Nordsjøbassenget.

Tormod Valaker 14.08.2008 12:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart