– Fusa og vi vart oppmoda om å søkje kvar vår fagskule, vi for eldreomsorg og Fusa innan psykiatri. No ligg den offentlege godkjenninga på plass, og vi har fått den første fagskulen innan eldreomsorg i fylket med plass til 20 studentar, seier rektor Anna-Bodil Tislevoll og kontakt- og faglærar Kjellaug Øvrebø Johansen.
Godkjenninga kjem frå NOKUT, det nasjonale organet for kvalitet i utdanning. Vi er i trygge hender. Det skal bli mykje lettare å bli 60 og vel så det, berre les vidare.
Søknadsfrist 25.august
Utdanninga skal kvalifisere til å arbeide med eldre menneske, og hjelpe dei med å takle sjukdom, liding og problem. Helsefagarbeidarane med vidareutdanning innan eldreomsorg skal lære å utvikle evne til samarbeid med brukarar, pårørande og andre yrkesgrupper.
- Kvifor har det ikkje vore ei slik utdanning tidlegare?
- Då var det vidareutdanning for hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar. No er hjelpepleiarane ute, og helsefagarbeidaren inne, sier Kjellaug Øvrebø Johansen, sjølv utdanna sjukepleiar med pedagogikk på toppen.
- Fagskuleutdanninga har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar med høg yrkesetisk standard, fagarbeidarar som tek initiativ til både å planleggje, organisere og iverksette tiltak saman med apparatet rundt, seier Kjellaug Øvrebø Johansen.
Det vert eit toårig deltidsstudium, tilsvarande eit eittårig fulltidsstudium. Skulen startar 6.oktober og søknadsfristen er 25.august.
- Kva krav vert stilte til søkjararane?
- Dei må ha fullført vidaragåande opplæring frå helse og sosialfag, til dømes hjelpepleie, omsorg, aktivitørutdanning eller liknande. I tillegg må dei ha minst eit årsverk med relevant yrkespraksis etter vidaregåande, skråstrek fagbrev. Vi har også i særskilde tilfelle høve til å gjere opptak på grunnlag av ei realkompetansevurdering, seier rektor Tislevoll.
Eldrebølgja
Eldrebølgja har for lengst skylla inn over arkipelaget Fitjar. Praksisplassar vert ikkje nokon mangelvare i Fitjar heller.
- Det var grunnlaget for godkjenninga til NOKUT. Vi fekk klar melding om at praksisplassar måtte vere på plass først, og dei kravde skriftlege intensjonavtaler med institusjonane. Det var ikkje vanskeleg å få til. Kommunen har behov for folk med kompetanse på området og er sers positive til fagskulen. I år det også første gong eg har opplevd at institusjonane på Stord har kome med tilbod til elevane på helse og sosialfag om sommarjobb. Behovet er sers stort, seier Tislevoll.
Like lenge som Skavhellen
- Korleis oppfattar elevane eldrebølgja?
- Dei ser meir på ho som ei utfordring. Dessutan ventar vi eit snittal på over 20 år på søkjarane med bakgrunn frå hjelpepleiar, omsorgsarbeidar og aktivitør, seier Johansen.
Fitjar starta opp med utdanning innan eldreomsorg alt i 1988 og fekk vaksenopplæringsmidlar (VO) til rådvelde. Anna-Bodil Tislevoll har vore rektor sidan 1.januar 1982.
- Men eg har vore like lenge i fylkeskommunen som Nils Skavhellen, opplyser ho. Det var då enda godt.

Rektor Anna-Bodil Tislevoll og faglærar Kjellaug Øvrebø Johansen gler seg til storinnrykk når fagskulen innan eldreomsorg startar 6.oktober.