Grenselause tilbod
”The radio craze will die out in time”, siterte Fjeld salig Thomas Edison i 1922. No er den digitale verda blitt kvardag. Vi kan sitje heime i stova og telje kvar og ein av skjeggstubbane til Martin Andresen på 37-tommaren, og på direkten frå India er det fullt mogeleg å hyre ein privatlærar til ungane for 100 USD månaden. Det er bokstaveleg talt ei grenselaus verd med grenselause tilbod.
- Klasseromleiing
- Pedagogikk er godt stoff, sa Fjeld og slo fast at det ikkje nyttar å klore seg fast i det som ein gong var, for føresetnadene dramatisk endra. Overheaden, film, video og fjernsyn var i si tid alle nyvinningar, dei truga likevel ikkje dagleglivet i skulen.
- Men den digitale verda er noko av det tyngste og mest komplekse vi som skulefolk har blitt utsette for. Dagens elevar er ikke dei ungdomane undervisningssystemet vårt vart planlagt for. No handlar det om klasseromleiing, ikkje å abdisere for læraren. Skulen må ta opp problema, ikkje gi etter og i staden utvikle felles køyrereglar for bruken av pc i klasserom og verkstad, og alle lærarane må vere lojale mot disse. Her må lærarane ikkje vere ettergjevande, men stå tydeleg fram og aldri abdisere i høve til si grunnleggjande rolle som tilretteleggjar av undervisninga, sa Fjeld. Han peika også på rektors oppgåve når det gjeld utviklinga av dei lokale køyrereglane.
3,4 nettsamfunn i snitt
- Men vi har ingen planar om å stengje nokre nettstader slik BT varslar i dag, kommenterte opplæringsdirektøren og stilte spørsmålet om vi tek nok omsyn til dei unge sin kommunikasjons- og radiobruk.
- Det er heller ikkje kunnskapslaus kampanjejournalistikk som skal bestemme utviklinga for den grunnleggande endringa som skulane er inne i, slo opplæringsdirektøren fast.
- Ein 16-åring i dag er med i gjennomsnittleg 3,4 nettsamfunn, konstaterte han og peika på oppbygginga det viktige nettverket som det pedagogisk-digitale støttesystemet i skulen med e-pedagogar, superbrukarar og e-koordinatorar er blitt.
Kvar vert det så av læreboka? – Ho skal leve ved sida av pc-en i mange år frametter, og skulane skal ile langsamt. Og dei skal stå på og ha retning på det dei gjer, sa Fjeld.