Tertnes søkte om fire, fekk 59 millionar

- Vi søkte kvart år om fire millionar til nye arbeidsplassar for lærarane. Vi stod på opprykkslista og rykka aldri vidare. I staden kom det 59 millionar til nybygg på 2500 kvadratmeter, inkludert arbeidsplassar, humrar rektor Grethe Berg Kirkeeide. Det bl

Studieinspektør Bente Bjørkly øver seg på snorklipping på Tertnes videregående skole. Nybygget blir offisielt opna 31. august kl 12.00.
Studieinspektør Bente Bjørkly øver seg på snorklipping på Tertnes videregående skole. Nybygget blir offisielt opna 31. august kl 12.00.

Saman med rektor og studieinspektør Bente Bjørkly har vi vore på førehandsvitjing på nye Tertnes videregående skole, som er ei så fersk namnesak at dei ikkje har fått tid til å endre på skiltinga enno. Men pengane til nybygg er ei god investering, og her blir det mange gode elevplassar for ein rimeleg penge.
Overalt er det byggjeplass og delikate fargar.

– Fargane er eit kapittel for seg. Arkitektane la også fram planar for fargeval, og vi synest dei har vore sers heldige med det dei har fått til. No gjeld det berre at vi blir klare til skuleopninga måndag kl 1000. Vi vert i alle fall ikkje ferdige før det, seier damene i administrasjonen.
 
Stil og tanke
Det er stil og tanke bak nybygget på Tertnes. Biblioteket er stort og svart med mintgrøne sofaer og 20 pc-ar.  Her kjem åtte flotte undervisningsrom. Pc-ane er komne inn døra, det same er bøkene til Vg2.

Tertnes ser ut som eit organisert kaos. 
- Slik føler vi det også etter fire flyttingar i løpet av eitt år. Men vi har ei god kjensle, og vi gler oss ekstra til skulestart i år. Det er stort for oss å ta i bruk nybygget etter eit år i brakkar for administrasjonen, seier Bente Bjørkly. Byggebrakkane har også hastverk, for dei skal vidare til Tanks og gjere nytte for seg til Vaksenopplæringa på Katten.

- No kjem elevane inn elektronisk, og vi held litt forseinka på å putte dei i fag og klassar. Vi reknar med at skulestarten vil ta noko lengre tid i år enn tidlegare. Men elvane har rom, og det har vi også. Og går noko skeivt, har vi kriseløysingar klare. Men vi skal ikkje forsøme det sosiale aspektet ved oppstart. Det har også vore ein sers viktig faktor for nybygget, seier dei.

- Har de sjølve tid til å glede dykk over nybygget?
- Sjølvsagt, vi er begynt å setje namn på dei ulike myldreplassane som dukkar opp. Fredag 31. august vert det storfint besøk med offisiell opning av nybygget.
- Kva skal skje?
- Det skal vi ikkje røpe enno, men overraskingane står i kø, lover rektor og studieinspektør dagane før dagen.

Tekst og foto: Tormod Valaker 15.08.2007 13:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart