Klappa og klar for Yrkeslabyrinten

- No er alt på stell. Vonar eg, seier Berit Nyland, som også i år samordnar Yrkeslabyrinten i Vestlandshallen. Alt tirsdag 30. oktober kl 0900 opnar ho dørene på vegner av foreininga Yrkeslabyrinten, ei felles foreining innanfor de yrkesfaglege studieretn

- Vi har framleis plass til alle etternølarar, og tek gjerne imot fleire påmeldingar. I fjor var det om lag 10.000 som såg innom. Målet er å auke dette talet i år, seier Berit Nyland, som held ope fram til fredag kl 1300. De andre dagane er det frå 0900-1430.


- Framleis ledige plassar, lovar spesialrådgjevar Berit Nyland. Ho samordnar Yrkeslabyrinten som startar tirsdag 30.oktober kl 0900 i Vestlandshallen

- Torsdag har vi ope på kveldstid for foreldra frå 1800 til 2000. Det vart reine happeninga forrige gong og heilt fullt i hallen med nyfikne foreldre.

Etter at Yrkeslabyrinten har pakka saman, vil alle følgjelærarane få tilsendt eit elektronisk spørjeskjema om kva dei meiner om opplegget. Elevane får eit evalueringsskjema som dei skal gå gjennom i etterkant. Nytt av året er arbeidsheftet ”Kà vil du velje?”. Heftet er meint som ei førebuing til messebesøket og kan nyttast i samband med prosjektarbeid rundt yrkes- og utdanningsrettleiing.- Vi vonar at skulane går gjennom desse i samband med messebesøket Det er viktig at dei får best mogeleg utbyte av labyrinten. Det er mykje å svelge på ein eingong med tre studieførebunade og ni yrkesfaglege utdanningsprogram å velje mellom, seier spesialrågjevaren.

På standane vil dei treffe elevar, lærlingar og lærarar som skal guide dei gjennom labyrinten.

Yrkeslabyrinten 2007 vert offisielt opna av Kåre Offerdal.

OBS: DET ER ENNO IKKJE FOR SEINT Å MELDE SEG PÅ, SJÅ PÅMELDINGSSKJEMAET PÅ WWW.YRKESLABYRINTEN@YRKESLABYRINTEN.NO

Aktuelle linkar:

www.vilbli.no

www.mittyrke.no

www.jobbfeber..no

www.yrkeslabyrinten.no

www.hordaland.no

www.mittvalg.net

www.nav.no

Tekst og foto: Tormod Valaker 22.10.2007 14:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart