
Her er Hordalandsklassen i Erfurt samla til første skuledag på Askøy. F.v: Niclas Sunde, Thomas Bøthun, Kathrine Kvamme, Nicolai Peters, Heidi Mjølsnes, Simen De Lange, Alexander Bang, Daniel Ynnesdal, kontaktlærar Thor Andreassen og prsjektansvarleg Liv Skipenes.
Det var mange søkjarar, og det var ingen lett jobb for dei ansvarlege å plukke ut det åtte som til slutt fekk tilbodet.
Men då dei først fekk det, har dei fått det travelt. Alt i dag startar Liv Skipenes, prosjektleiar for internasjonalisering og med overordna ansvar for klassen, opp med med intensivkurs i tysk.
- Eg skal gå gjennom behova med dei, og understreke at dette er ikkje noko å kvi seg til. Vi skal lære tysk til nytte i kvardagsspråket, minst to timar kvar dag. Det er det dei treng når dei kjem første gong til Erfurt i oktober. Før dei fer, skal vi også ta for oss kultur og samfunnsforhold i eit breidt spekter, seier Liv Skipenes.
Viktig for næringslivet
Utgangspunktet er altfor interesse for Tyskland og tysk språk. – Det er viktig at vi maktar å snu den meiningslause trenden. Tyskland er vår nære samarbeidspartnar, og næringslivet treng tyskkunnskapar som aldri før. Eg trur at klassen i Erfurt blir eit godt døme på at tysk er eit godt språk i næringslivsamanheng og eit døme også for andre næringar. Dette er eit tiltak som NHO bør fatte interesse for og spele vidare på, seier Liv Skipenes.
Saman med ho er Thor Andreassen og Eyvind Ellefsen sentrale krefter bak klassen. Andreassen er kontaktlærar og Ellefsen faglærar for basisgruppa. Elevane, som er rekrutterte frå heile fylket, sa ikkje mykje verken på tysk eller norsk den første dagen, men snart snakkar dei berre tysk når dei kjem heim.