Ein Fusa-dag til ettertanke

Det skjer mykje i Eikelandsosen kring Fusa vidaregåande skule. – Vi er voldsomt kry av skulen og opplegget dei har fått i stand. Skulen betyr så mykje for heile samfunnet vårt. Difor er det ei stor glede for meg å kome til opninga av”Psykisk helsedag,” sa

New Page
Programmet starta klokka 1200 i gymsalen og heldt fram i åtte timar. Men ungdomane blei med, og i gymsalen var det ikkje eit ledig sete å oppdrive. Frå byrjinga slo Stig Omland og Fredrik Gnatt frå stiftinga ”New Page” tonen med ein lettfatteleg bodskap.

- Vi jobbar med unge på skråplanet. Vi kjem inn der andre gir opp, sa stifinnarane Stig og Fredrik. Tor Arne Johnsen sette lattermusklane i sving då han presenterte antirøykeførestillinga ”Lær å røyke”, og Joar Klette og André Pedersen leita fram drivkreftene til å hente ut det beste i oss alle.

– Lær å bry deg, lær deg å si nei, og ha mot til å velje, sa Turid-Anne Ryste då ho lærte frå seg om å ”bli god på å vera deg”. Til slutt talte forfattaren Paal-André Grinderud, han som starta Wanda-senteret der barn kan få støtte og hjelp, om ”Ekte kjærleik er praktisk handling”.

- Korleis taklar ein etter måten liten skule som Fusa eit slikt ambisiøst arrangement?


Frå opninga av "Psykisk helsedag" i gymsalen på Fusa vidaregåande. Frå venstre ass.rektor Atle Kvåle, ordførar i Fusa, Hans Vindenes og rektor Annbjørg Laupsa

- Vi er etter kvart blitt vane med slike tiltak, og vi har mange slike sideordna prosjekt. Difor går skulen sin gang likevel. Og gløym ikkje at arbeidet med den psykiske helsa er ein viktig del av den generelle læreplanen, seier assisterande rektor Atle Kvåle.
Det same sa rektor Annbjørg Laupsa. – Vi har fått 45.000 kronar frå ”Midlar mot fråfall”. Noko går til open skule. Vi er takksame for den hjelpa vi har fått frå fylkeskommunen slik at vi fekk dratt dette i gang. Dessutan er diakoniutvalet i Fusa med og støttar prosjektet.

På elevane sine premissar


Elevane var engasjert møtelyd
- Kva skal verktøyet nyttast til?

- Vi vonar at elevane skal bli meir bevisste på sine eigne kjensler og bli meir motige. Kva vil eg? spør Gro Fjelltveit.

- Kva med foreldra?

- Ofte opplever eg det som dei vaksne har gløymt  at dei har vore unge ein gong. Mange er altfor opptekne av å skjøtte si eiga materielle verd. Vi gjer ting heile tida, seier ho.

Elevinspektøren hadde i alle fall nok å gjere med ”Psykisk helsedag”, som både vart ein dag til inspirasjon og motivasjon, og ikkje minst ettertanke. Det er det også at Fusa kan ta på seg og gjennomføre eit slikt krevjande opplegg.

- Psykisk helse er noko vi alle har, og eg vonar helsedagen vert eit årvisst innslag. Tryggleik med seg sjølv er så viktig for læringa, seier Gro Fjelltveit.

 


Elevinspektør Gro Fjelltveit, ein av støttespelarane for å dra i gang helsedagen på Fusa

- Vi har heile tida vore opptekne av at programmet skal spegle elevane sine premissar. Vi har jobba aktivt med tanken sidan vi begynte i fjor haust. Skulen sitt mål er å gi elevane eit verktøy, og dei har sjølv vore med og utarbeidd programmet, seier elevinspektør Gro Fjelltveit.


Lyrikaren Bente Bratlund las vakre dikt då "Psykisk helsedag" opna 

Forfattaren Paal-André Grinderud var ein av krumtappane på helsedagen i Fusa

Dansarane frå Os swingklubb gjorde stor lukke

 

 

 

 

 

Tekst og foto: Tormod Valaker 25.03.2007 08:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart