I haust vart Åsane og Voss gymnas båe innlemma i skulesatsinga og jakten på stortalent i fylket vårt.
– Det skal koste og smake for dei som vil drive idrett på topplan. Og dei beste trenarane er utan tvil dei som er litt ubehagelege. Det er langt frå ung og lovande til toppidrett. Ha det seriøst moro, messa og åtvara Finn Aamodt da han samla elevane til seminar på den årlege fylkesidrettskonferansen nyleg. Ingen knydde, måndag morgon møtte dei fram til to timars basistrening i Åstveithallen, nett attmed skulen. Faren til Kjetil André hadde dei respekt for.
Guts og god stemning
- Kva røynsler har skulen med satsinga til elevar og Olympiatoppen?- Berre gode så langt. Det er guts og god stemning i klassen. Elevane på Toppidrettsgymnaset fell lett inn med resten av elevflokken, seier rektor Grete Berg Kirkeeide.
- Korleis taklar dei kombinasjonen skule og beinhard trening?
- På slutten av dagen merkar både dei og vi at det røyner litt på. Hugs at her kjem det elevar frå Sotra, Askøy og Os. Dei har lang veg heim og til neste treningsøkt. Men dei får både i pose og sekk, og dei vil kome ut med full studiekompetanse og med gode resultat. Slik får dei noko å falle tilbake på, og mykje anna i tillegg. Berre tenk på kva dei lærer om trening, kursing, opne dører og leiing. Her er det mykje ulik kompetanse dei kjem til å få stor nytte av i liv og arbeid, seier rektor.
Sparar berre på konfekten
Det same seier elevane i knallhard basistrening to timar på morgonkvisten måndag. Merete Skadal, som jobbar i Norges Funksjonhemmedes Idrettsforbund og Silje Blindheim, rettleiar for instruktørar på Åsane treningssenter, er båe engasjerte av Olympiatoppen. Dei to sparar berre på konfekten. Då fotografen fomla med kamera, gav dei to trenarane elevane ti ekstraminutt som påskjøning til krype-, eller var det bryteoppvisning, slik at saka kunne fargeleggjast.- Korleis er det å trene opp elevar frå heilt ulike idrettar som til dømes symjing og fotball samstundes?
- Det er ikkje noko problem. Alle treng koordinasjon og balanse. Elevane går veldig godt i lag, og vi ser stor framgang i disiplin og ferdigheitsnivå alt no, seier Merete og Silje.
Kor strenge elevane er med seg sjølve, fortel Maren Teige og Katja Heinonen meir om. Dei to satsar på ein symjekarriere og trivst som fiskane i vatnet i sirkeltreninga i Åstveithallen. Maren er med i BSLK, Katja sum for Bergenssvømmerne.
- Vi har skuletreninga og fem økter kvar veke i Sentralbadet, anten før eller etter skuletid. Treninga på skulen gjer at vi utviklar styrke og balanse mykje raskare enn vi elles ville ha gjort. Vi er mykje opptekne, men det er lærarane våre flinke å ta omsyn til, seier dei.
Alt klokka 06.00 er Preben Borgen frå Os i gang med dei daglege gjeremåla. Preben har alt debutert på Os sitt førstelag, som er ein divisjon opp neste sesong.
- Eg likar å trene, og legg gjerne inn både ein og to økter etter skuletid, fortel han. Det vert osing av slikt.
Like hard med eigentreninga er Kine Bøe Risa, som spelar på A-laget til Åsane, som nett har stige opp i 2.divisjon. Linn Aarland og Kari Fykse Lie er framtida for dei falmande stjernene i Sandviken. Linn spelar kant og spiss, Kari er midtstoppar. Båe har som mål å etablere seg på A-laget.
- Vi skal klare oss godt i eliteserien, seier dei og fnysar av den som minner dei om året som gjekk. For det er lenge sidan no.
- Korleis tek gutane i mot jentefotballen?
- Sers bra. Vi taklar dei litt grisete. Då blir dei flaue og ser vekk. Dei tør ikkje å ta igjen heller, triumferer dei to Sandviks-jentene. Vi vert alle vakne av måndag-morgontrening.
 Instruktør Merete Skadal overvakar treninga
|  Skuletreninga gjer at vi utviklar styrke og balanse mykje raskare enn vi elles ville gjort, seier Maren Teige og Katja Heinonen
|

Alexander Skogvold spelar på Fyllingsdalen | 
Bøy og tøy etter endt økt |

-Det er guts og god stemning i klassen, slår rektor Grete Berg Kirkeeide fast | |