
Skulen på Skulestadmo har 160 elevar, 70 av dei på internat, 35 lærarar, 25 ikkje-pedagogisk tilsette og ni innleigde hestar frå Hemsedal til lina med hestefag.
Det vert mangt og mykje å sjå til for Anders Fenne, som er ansvarleg for alt på det ikkje-pedagogiske området.
- Vi har 25 gamle trebygningar og eit umetteleg behov for pengar til utbetring. Vi har også ein støl i Brekkedalen, der vi møtest kvar august til skolestart. Matsjef for dagane i fjellet er Arne Johan Dregelid, kokk gjennom 16 år på skulen.
Skrudde saman mobilt kjøkken
- Vi dreg til fjells i retning Stalheim med all slag pikkpakk på reisa, ler Dregelid, som er vorten sin eigen Reodor Felgen og har skrudd saman eit mobilt kjøkken. Med på lasset er to meierispann på 50 liter kvar, gassflasker, vatntank, varmtvatntank og ein gamal steamkjele. Heilt bak på vogna sit ein grill. Det er reine fantefølget når ungdomane skal til støls og verte kjende med kvarandre på samanstuingsfest.
- Eg trur skulen har treft ungdomen med alle tilboda. Eg går her på fjerde året på allmennfagleg påbygging og trivst sers godt. Det å bu på internat har for meg vore ei viktig ungdomstid. Internat med skikkeleg oppfølging og internett på alle rom, er midt i blinken, seier elevrådsleiar Olav Bringedal til Opplæringsnytt.
I tida på Voss har uskedølen frå Kvinnherad utdanna seg til agronom. Heime ventar 70 dekar innmark og villsauer på den nyutdanna agronomen.
- Eg har tru på å drive gard, og har 20 sauer i utmark heime på garden min. Først skal eg videreutvikle gardsdriften, så vert det giftarmål. Og hvis du også har tenkt å spørje om kva ho heiter, ja, den siste boka eg las altså, var det Plantevernboka, ler Olav.
Søknaden frå sør i fylket til Voss er stor. - Hvis vi har elevar frå ein region som trivst og lukkast, så er det den beste reklamen vi kan få. Vi er heldige og kan tilby dei eit internat med leiarar som tek omsorg for ungdomane, skyt rektor Nils Dagestad inn.
- Det betyr mykje for foreldra når dei skal 16-åringane heimefrå for alle første gong. Det er god læring til å bli vaksen. Ein 15-åring rekk ikkje fjøsen kl halv sju om morgonen hvis han bur på hybel andre stader i bygda, seier internatansvarleg Gunnbjørg Rognve.
Jenter på traktor Nedgangen i tilsette i jordbruket har gjort det naudsynt å tenkje nytt i jordbrukskommunen Voss. Jordbruksskulen er vorten ei mangslungen bedrift og tilbyr i samarbeid med Vestnorsk Kulturakademi utdanning i entreprenørskap, verdt 15 vekttal . Tilbodet er førebels for vaksne.Skulen har også fleire tilrettelagte kurs. Elevane på tredje året, faglærar er Asbjørn Løno, skal om kort tid opp til eksamen i Teknikk grunnkurs. - Eg har nett gjort meg ferdig med vedlikehaldet på ei kraftoverføringaksling. Det er viktig arbeid, og eksamen kvir eg meg ikkje til, seier Øyvind Berge. |  Ina Skaar (16) har lært å bruke traktor i skogbruket.
|
Det kryr med mogelegheiter til praktisk bruk av ressursane i nærområdet. Ine Skaar(16) har lært seg å køyre traktor og styrer med sikker hand skuletraktoren på oppdrag.
- Elevane frå grunnkurs Naturbruk held på med å rydde ein skogteig, seier kontaktlærar Magne Knapstad. Ina fér fram i ulendt terreng som ein fullvaksen kar med Knapstad som rettleiar.
- Eg vinsjar, har pløgd åker, og eg tek opp poteter. Eg vil gjerne ha meg ein gard om nokre år, fortel ho fra førarsetet.

Frå kjøkenet ved skulen.
I den gamle, no ombygde skulekantina har skulen bygd seg foredlingskjøken. - Den vidaregåande skulen er av Hordaland fylke oppmoda om å leggje til rette for regional utvikling.Difor bygde vi oss eit foredlingskjøken, som kan tilfredsstille småskalaproduksjon med kjøt, kjøtprodukt, mjølkeproduksjon, bær og honning. Noko av dette er opplæring for elevane, noko blir selt i jordbruksbutikken, open kvar dag frå 2.mai, reklamerer lærar Arild Øvsthus, utdanna innan jord- og plantekultur og med høgskulestudium innan matkultur.
Irene Granli styrar butikken. 8.april byr ho på torgdag under Vossajazzen. - Det langsiktige målet vårt er at folk utanfrå vil gjere seg bruk av foredlingskjøkenet. Vi vonar det på lang sikt vil leggje meir att i lomma til produsenten, seier ho.
Bratt friluftsliv
Ragnhild Bjåen er også på foredlingskjøkenet. Ho er også kontaktlærar for VKI Villmarksliv. - Det er utan tvil eit fag på veg fram. Rett nok finst det ikkje sentrale læreplanar enno, men det er rimeleg lett å tilpasse lokalt med jakt, fiske og bratt friluftsliv. Vi tek tematurar på opp til ei veke, og teltar gjerne i 20 minus på Finse med isfiske og toppturar på Hardangerjøkelen.
Villmarksliv har vorte eit blinkskot, og på Lønavatnet er det isfiske på trygge 50 cm tjukk is i mars. - Vi har bora hol i isen, sett ut garn og pilka. Opp frå svarte Lønavatnet kom det ni fine aure og røye på garnet og ingen på stampen, fortell Lucas Gerritsen frå Helldalsåsen, elev på VKI Villmarksliv.
- Eg har alltid vore interessert i friluftsliv, sport og ekstremsport. Frikøyring på is er favoritten min, Yrkesmessig satsar eg på å bli politimann, fortel Lucas.
- Villmarksliv på Voss, der jernbanestasjonen ligg skarve 52 meter over havet?
- Jordbruk i 2006 kan ikkje berre vere fjøs. Det skal innehalde villmarksliv, fjell, skog, fiskevatn, rafting og jakting, korrigerer elevrådsformann Olav Bringedal.

Mekking på traktor.