- Vi ønskjer å leggje vekt på lærlinge- og skuleplassar og arbeider for å auke det internasjonale medvitet hos elevar og lærlingar. Vi arbeider også for å dyktiggjere dei til yrke som krev ein internasjonal vinkel, sa Opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld.
Werner Ungewiβ, amtierender Dezernatleiter für Jugend, Bildung, Soziales und Gesundheit, meldte om stor interesse for prosjektet hos skulemyndigheitene i Erfurt, som ønskjer å byggje nettverk til Bergen og Hordaland. Det er fullt mogeleg å sende 25-30 lærlingar til Erfurt, men det er viktig å konkretisere opphaldet i utdanningsavsnitt, sa han på vegner av overborgarmeisteren i Erfurt.
Fylkesrådmann Paul M. Nilsen peikte i den samanheng på at opplandet i og rundt Bergen har ein mangfaldig industri, og Karl-Heinz Kindervater, amtierender Beigeordneter für Kultur, viste til den tradisjonsrike tyske dualutdanninga, das duale System, som høver godt i ein utplasseringsmodell.
Nilsen oppsummerte møtet med at han såg to måtar å organisere på: skule til skule og organisert samarbeid på myndigheitsnivå.
Møtet drøfta også ein intensjonavtale. Det har begge partar ønskje om å få i stand. Eit utkast kan vere klart seinhaustes.
Ratspräsidentin Torill Selsvold Nyborg godt ramma inn av herrane Kindervater og Ungewiss under middagen for dei tyske gjestene.