Elevmedbestemming – sjølvsagt!

- Elevmedbestemming er ikkje ei målsetting, heller ikkje noko alternativ. Det er rett og slett ei sjølvfølgje, slo Jan Christian Vestre(19), nyvald leiar for Elevorganisasjonen, landets største ungdomsorganisasjon, fast då Utdanningsforbundet og Hordaland

- Medbestemming for elevane er noko av det vanskelegaste vi driv med i skulen. Sju av ti elevar meiner at dei har for dårleg innverknad på skulekvardagen. Det gjer vi noko med, sa Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld då han ønskte representantane velkomne i storstova på Terminus.

- Vi lærer heile tida at vi må vinne demokratiet kvar dag. I vår nære verd vert menneske arresterte for å snakke høgt om makthavarane på bussen. Alle menneske har rett til å påverke sin eigen kvardag, og vi må kunne sjå spor etter elevane sin innverknad på den daglege skuledrifta. Derfor må vi i gang med å tine opp ein del gamle måtar å gjere ting på.

Det viser med all klårleik elevundersøkingane, sa Fjeld og slo an tonen på eit sers vellukka møte. Ikkje ein einaste mobil peip under heile seminaret.

Opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld

- Elevane skal vere med og bestemme arbeidsforma, så sant det ligg til rette for det. Bak tala på alle undersøkingar til elevinspektørane kjem det fram eit stort samanfall mellom dårleg utvikla elevmedverknad og lav læring. Berre ein av ti rektorar gir elevane sine informasjon om rettane dei har til å påverke sin eigen skulekvardag, sa Vestre.

Vestre viste tal som ikkje etterlét seg nokon tvil om at elevane ønskjer å ta del i det daglege skulearbeidet. Heile 85 prosent av dei spurte i elevinspektørane meiner at det er veldig viktig(31 prosent) eller ganske viktig(54 prosent) å få vere med og påverke arbeidet med skulefaga. Men berre 41 prosent meiner at dei har mogelegheit til å vere med og lage arbeidsplanar i dei ulike faga.

- Dei som ikkje får vere med, er sjølvsagt dei som trivst dårleg på skulen og i klassen, og som seier at dei ikkje er interesserte i å lære  Det går ikkje i hop med Opplæringslova som seier at ”..Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hos den enkelte eleven og lærlingen”, sa Vestre. Han ville ha fortgang i arbeidet for å betre engasjementet hos alle partar i planlegginga og gjennomføringa av ein demokratisk og open skule.

- Vi vil ha ein prosess der den lærande sjølv er aktivt med, og der læraren sin oppgåve er å leggje grunnlaget ved å skape sosiale og mentale prosessar slik at læring skjer. Med andre ord, den elevaktive skulen, sa Vestre.

 

Satsar høgt

Inger Solstrand  var deltakar frå Fyllingsdalen vidaregående skule på seminaret. For å vere viss på at ho fekk med seg alt, hadde ho teke med seg sin eigen pc og noterte.

– Eg rotar så fælt når det blir for mange ark. Eg likar å strukturere, derfor tok eg med eigen pc, sa Inger, siste året på Drama VKII.

 

 

Inger Solstrand elev på VKII drama

Korleis tar du del i elevrådsarbeidet på Fyllingsdalen?

- Dei to første åra var eg lite engasjert, men så slo Operasjon Dagsverk feil, og vi innstilte oss på å forbetre skuleprosjekta våre. Eg vart vald til elevrådsleiar og vart ansvarleg for Internasjonal Dag. Vi køyrde debattar om nord-sør politikk, spelte nord-sør fotball i gymsalen og hadde visning av nasjonale drakter. Her i dag synest eg det er spesielt interessant å møte elevar frå andre skular. Eg saknar samarbeid mellom elevråda i fylket, seier Inger.

Ho får vi høyre meir til i mange samanhengar. Inger er berre 18 år, men har alt kome gjennom det første nålauget på Statens Teaterhøgskule. Av dei 800 som søkte, gjekk berre 100 vidare til neste opptaksrunde.

- Men det er langt fram. Dei tek berre opp åtte-ti søkjarar. Til gjengjeld er det første gongen eg søkjer, fortel Inger, som var med i Vestlandske Teatersentrum, men som slutta der for å få meir fokus på skule.

- Kva for ei rolle vil du helst spele?

- Eg er ikkje så oppteken av det. Eg vil skape noko sjølv på bergensdialekten min, lovar Inger.

 
Tekst: Tormod Valaker Foto: Bjarte Brask Eriksen 29.03.2006 09:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart