- Eg er altså veldig glad for at fylkestinget samrøystes har vedteke å byggje ny skule, pustar rektor Trond Eikeland(41) letta ut etter en stri vinter i Lonevåg. Nye Osterøy vidaregåande blir ein skule på i alt 4600 kvm. Skulen vert organisert slik at kvart fagområde har sin base, som består av teorirom, grupperom og arbeidsplass for kontaktlærar.
Det var 14.november flaumen kom, den andre store i fjor haust. – Det var tolleg bra då vi kom på skulen om morgonen, men vi skjønte fort kva som heldt på med å skje, fortel Oddmund Vevle, lærar på Osterøy vidaregåande sidan starten i 1991. I år er han kontaktlærar for VKII TFF.
Til slutt kraup vasstanden over kanten på gummistøvlane. Då var det på tide å evakuere det som ein gong var ein møbelfabrikk. Lærarrommet i dag er det gamle lakkeriet til fabrikken.
- Leigeavtalen vår går ut i 2010, så ei avgjersle var nødvendig. Vi har hatt gode pådrivarar lokalt, og industrilaget har sponsa oss med ein maskinpark på til saman 300.000 kroner. Industrien står sterkt på Osterøy, og dei står klare og med opne armar til å ta imot elevane våre.Den største nyvinninga blir nye verkstedslokale for elektro og mekaniske fag og nytt forsamlingslokale. Lærarane på desse avdelingane har hatt svært kummerlege arbeidsforhold, seier Eikeland, rektor på skulen sidan 2002.
Nytt skulesamfunn
Den nye skulen skal liggje i et naturområde på Hatland med utsikt over Husavatnet. Nær ved ligg administrasjonssenteret på Noregs største innlandsøy. Her ligg frå før barneskule, ungdomsskule, rådhus og musikkskule med lydisolerte rom. Kanskje får spelemennene på øya oppfylt draumen om ei eiga musikkline med folkemusikk på vidaregåande.
- Kanskje, smattar Eikeland, og har i alle fall fått ein klasse studieførebuande, to klassar Design og Handverk på VG1, to klassar i Teknikk og industriell produksjon, og ein klasse helse og sosial på Vg1 frå denne hausten.
- Dessutan vonar vi å få attende Elektrolina. Det var ikkje berre lett å freiste nye elevar på visning rundt i lokala til ein nedlagt barneskule, seier Eikeland.
Den nye skulen er dimensjonert for rundt 205 elevar når han kjem i gang.
- Men er det elevgrunnlag for ei slik satsing når ungdomane vil over brua for å gå på vidaregåande i den spennande byen?
- Den reiseruten skal vi snu, seier optimistiske Eikeland. – Vi er ikkje minst gode på teknikk og industriell produksjon, og her finst mange verksemder som vil ha våre tenester. Dei støvsugar marknaden her ute, og vi skal vere i stand til å gje dei det dei ønskjer av topptrimma fagfolk og CNC-operatørar. Difor skal vi gå inn med seks timar fordjupning på Vg1 Teknikk og industriell og ni timar fordjupning på Vg2 Industriteknikk innan cnc-styrte maskiner.
Folketalet stig
- Det betyr sers mykje for ungdomsmiljøet på Osterøy at dei har vidaregåande skule å gå til. Vi opplever som andre stader i utkantane at elevane kjem tuslande tilbake litt utpå hausten og vil ha plass. Då har dei sett seg nok rundt og er lei av å sitje og vente på neste buss. Eg trur dette kjem til å gå fint. Og det er ikkje berre vatnet som stig. Folketalet på øya, som lenge låg stabilt på 7000, har stige til 7300 dei siste åra, og vi ser ein sterk vokster i boligmarknaden. Dessutan er nynorsk eit utsett språk. Med ein vidaregåande skule klarer vi langt betre å ta vare på språktradisjonane, gler norskfilologen Vevle seg. Heia Osterøy, seier vi.
 | |
Rektor Trond Eikeland med spaden | |