136 haustkurs for lærarane

Innan utgangen av året har det blitt avvikla 136 fagsamlingar for lærarane i regi av fylkeskommunen.

18 faggrupper på tvers av regionane har samarbeidd om å skipe til kurs for å fylle det umettelege behovet som finst rundt på skulane.

- Det er kvar skule som har ansvaret for kompetanseutviklinga på eigen arbeidsplass, og vi klarar sjølvsagt ikkje å fylle behovet på kort sikt, men vi freistar og bistår. Regionssamarbeidet er overmåte viktig, men det er ikkje alltid nok, seier prosjektmedarbeidar for Kunnskapsløftet, Audhild Tveiterås.  Ho arbeider saman med Målfrid Hatteland og Rolf Hall Hansen og har ansvaret for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

 

Tilpassa opplæring

Denne hausten har dei faglege arbeidsutvala, FAU’ane, vorte bedne om å prioritere stramt innanfor det som er nytt i læreplanane. Didaktikken  står sentralt.

- Det er på skulen det metodiske og didaktiske arbeidet vert utvikla, seier Audhild Tveiterås.

- Kva med yrkesfaga?

- Dei nye planane for yrkesfaga er meir retta mot yrket og mogelegheitene, ikkje så mykje mot dei tradisjonelle skulefaga. Det krev at teamlærarane må gå nøye igjennom kven av dei som skal bistå med kva i fagmiljøet på skulen. Det andre nye er det som heiter prosjekt til fordjuping. Etter kvart som vi er komne i gang i haust, ser lærarane at det er stort potensial for tilpassa opplæring. Eg trur at yrkesfaglæarane har fått ein god reiskap til å tilpasse undervisninga, seier ho. FAU’ane leiar faggruppene, og er dei som står i nærast kontakt med fylket. Gruppeleiaren har ein ressurs på 15 prosent, og gruppa har ytterlegare 15 prosent til rådvelde.

- Det trengst. Det er mykje uvisse, serleg innanfor yrkesfaga, og mangt er blitt annleis etter at Kunnskapsløftet vart innført. Dei nye læreplanane er mykje meir opne enn dei førre var, og det krev konkretisering lokalt. Det har vore eit stort arbeid med å få struktur på faggruppene. Framover skal vi ha fokus på vurderingskriteriar. Kvalitetssikringa overlèt vi til faggruppene og FAU’ane. Mykje av arbeidet med dette handlar om å sikre bruk og utvikling av It’s learning, seier Audhild Tveiterås.

 

Den store kursdagen

Det er mykje som skal lærast, og 10.november er den store kursdagen i haust. Då vert det avvikla minst 25 kurs rundt omkring på skulane med alt frå ”Internasjonale forhold og terrorisme” på Årstad til ”Den europeiske språkpermen” på U.Pihl. 

- Korleis trivst du med oppgåvene?

- Sers godt. Eg får jobba systemretta mot skulane og får leggje til rette for lærarane sitt arbeid i dei faglege nettverka. It’s learning kjem til verte ei sers verdfull kjelde i utvekslinga av kunnskapar og idear på lærarsida, meiner Audhild Tveiterås.

 

Tekst og bilete: Tormod Valaker 09.10.2006 10:03
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart