- Rekord i talet på lærekontraktar

- Fagopplæring er er ei veldig viktig sak for oss i NHO. Det gler oss at Hordaland fylke denne hausten har sett rekord i talet på inngåtte lærekontraktar, sa seniorrådgjevar Svein Hatlem i NHO då han opna konferansen ”Hvilke krav til kompetanse stiller fr

Ingen fylke har klart å teikne fleire lærekontraktar denne hausten enn det Hordaland har gjort. – Det er formidla 1610 i alt, og det er opp 550 sidan 2004. Ni av ti med ungdomsrett har fått ynsket sitt oppfylt. Talet for dei andre er 72 prosent, opplyste Hatlem, som sa seg glad for auken i talet på lærebedrifter.

Men alt er likevel ikkje berre fryd og gaman i lærlingebiletet. – Vi opplever at mange fag vert oversøkt, mens andre, til dømes overflatehandsaming og mekaniske fag, slit med rekrutteringa. Det er alltid vanskeleg å dimensjonere, og vi er glad for at Senter for yrkesrettleiing er blitt etablert, sa Hatlem, som minna om at Gudmund Hernes sitt mål om at ein tredel av ungdomskulla skullle få yrkesutdanning, er nådd.

-Men bedriftene finn opplæringsarbeidet meir krevjande i dag enn tidlegare, varsla Hatlem dei 150 rådgjvararane og tilsette i OT/PPT, som var samla i Magnus Barfot til etterutdanning.

 

Tekst: Tormod Valaker 14.11.2006 12:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart