Hordaland fylkeskommune har utarbeidd eit system for verksemdsbasert vurdering i tråd med § 13.10 i Opplæringslova og forskrifta til Opplæringslova § 2-1. Systemet ivaretek oppfølging av skolane innanfor det pedagogiske utviklingsarbeidet.
System for verksemdbasert vurdering legg rammer for korleis skolane skal planlegge og vurdere det pedagogiske utviklingsarbeidet, og for korleis administrasjonen skal følgje opp planlegging og resultat frå skolane. System for verksemdsbasert vurdering kan illustrerast med modellen under. For meir informasjon om dei ulike delane i kvalitetssystemet kan du klikke på modellen.