Fagskuleutdanning som arborist!

Fagskulane i Hordaland tilbyr utdanning som arborist. Undervisninga er på deltid med nettstøtte og fagsamlinger. Vi tilbyr dessutan utdanning i akvakultur med oppstart i januar 2013.
Søk innan 15. april
- Bruk MinId og søk på vigo.no
- Skjema skal sendast direkte til skulen
- Søknadsfrist er 15. april
- Kopi av vitnemål/kompetansevis/fagbrev skal sendast til skulen
- Dokumentasjonen må vere skulen i hende seinast 15. juli
Arboristfagutdanninga har eit omfang på 60 fagskulepoeng (1. årig studium), men vert gitt som deltidsstudium over to år med nettstøtta undervisning og fagsamlingar. Utdanninga byggjar på relevant vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Hjeltnes vidaregåande skule har utvikla utdanninga i nært samarbeid med Norsk trepleieforum (NTF).
Kontakt Hjeltnes fagskule for meir informasjon:
Fagskulane i Hordaland har fått Nokut-godkjenning av fagskuleutdanning i Akvakultur. Utdanninga er utvikla i samarbeid mellom Austevoll maritime fagskule og Fusa fagskule.
Utdanninga i akvakultur har eit omfang på 120 fagskulepoeng (2 årig studium), og vert gjeve som deltidsstudium over 3 år. Undervisninga er organisert med nettstøtta undervisning og fagsamlingar, og er spesielt tilrettelagt for personar som er i arbeid. Utdanninga byggjar på relevant vidaregåande opplæring (fagbrev) eller tilsvarande realkompetanse (røktarar og andre i næringa).
Brosjyre om utdanninga i Akvakultur
Ta kontakt med fagskulane for meir informasjon:
Lenkjer og hjelp
Meir rettleiing om korleis du går fram for å søkje fagskuleutdanning på internett finn du i brosjyrane "Hvordan søke fagskoleutdanning på nternett" og "MinID".
Nasjonalt opptakskontor for fagkolen gir informasjon og rettleiing kring:
- Søking på web
- Opptaksrutinar
- Opptakskrav
- Dokumentasjonskrav
Kontakt Nasjonalt opptakskontor for fagskolen
All offentleg fagskuleutdanning er samla i Fagskolekatalogen 2012/13. Her finn du skulekodar og kurskodar som skal nyttast ved søknad om studieplass.
NB! SØKNADSFRIST 15. APRIL