Stipend og lån

Søknad om stipend/lån - bortebuarstipend

Før du kan søkje om stipend må lærekontrakten din vere godkjent av fagopplæringskontoret.

Dersom du ønskjer å ta kontakt med Lånekassen kan du ringje  
22 70 03 00, men du kan få svar på det meste ved å lese desse brosjyrene 

Lærlingar med ungdomsrett:

http://www.lanekassen.no/Global/BrosjyrerNyhetsbrev/BrosjyrerBokmal/Lærlinger%20med%20ungdomsrett.pdf

Lærlingar utan ungdomsrett:

http://www.lanekassen.no/Global/BrosjyrerNyhetsbrev/BrosjyrerBokmal/Lærlinger%20uten%20ungdomsrett.pdf

Du kan også få informasjon om dine rettar i Lånekassen ved å ringje
55 23 93 93 (mellom kl. 09.30 og 13:45 unnateke fredag)

Du kan også sende e-post til: terje.aarland@hfk.no eller sende sms til:  45514537 (OBS! dette nr kan du ikkje ringe til)

Etter  ferien kan behandlingstida i Lånekassen vere opp til 8 veker.

Kor stort stipend
Du kan sjekke kor mykje du kan få i lån og stipend ved å gå til ”Støttekalkulatoren”. 

Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist for lærlingar, men søknaden må vere motteke av Lånekassen før 30. juni. Dvs. at lærlingar som tek til i lære i 2011-2012, må ha søkt før 30. juni 2012 for at søknaden skal verte behandla. Du må søkje på nytt for kvart år.
 
Dersom du tek til i lære våren 2012, men ikkje får godkjent kontrakt før 30. juni, kan du likevel søkje om stipend så snart lærekontrakten din er godkjent.
 
Søknadsperioden 2012-2013
 
Dei som har ungdomsrett og som har godkjent lærekontrakt kan søkje om stipend for 2012-2013 etter 18. mai
 
Dei som har brukt opp ungdomsretten og som har godkjent kontrakt kan søkje om stipend  når som helst.
 
Fristen for 2012-2013 er 30. juni 2013, men
 
du som allerede har lærekontrakt,  bør søkje om stipend, så snart det let seg gjere. Dette for å unngå å kome i "køen" etter ferien. Ventar du til etter ferien, må du rekne med lang behandlingstid, men søkjer du før ferien så kan du rekne med å få utbetalt stipendet i august.
 
 
 
Rabatt på reiser
I Hordaland vert retten til å reisa med studentrabatt også utvida til å omfatte lærlingar og lærekandidatar. Du må dokumentere godkjent lærekontrakt.
 
Ekstra støtte for funksjonshemma
Lånekassen har egne ordningar for deg som er funksjonshemma eller har nedsatt funksjonsevne. Ordninga gjeld for lærlingar utan ungdomsrett.
Ta kontakt med Lånekassen på telefon 22 70 03 00 for å få vite meir om ordninga. Du kan også ringe 55 23 93 93 eller sende e-post til terje.aarland@hfk.no  Så vil du få den informasjonen du treng. Vi sender info om dette også til den bedrifta du jobbar i.
Her er skjema som du må bruke for å søkje om ekstrastipend:
24.10.2011 12:00

Akkurat no

Skoleår i utlandet?
_____________________________

Opplæring for vaksne
Oppstart i august
_____________________________

Sommarskolen

No kan du melde deg på sommarskolen

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart