
Fagopplæringskontoret har lagt ut ei liste over bedrifter som kan vere aktuelle for å ta inn lærlingar i 2012. Enkelte av desse bedriftene har kanskje ikkje hatt lærling dei siste par åra, då må dei søkje ny godkjenning som lærebedrift. Oversikten vil bli oppdatert.
Lærebedrifter i Hordaland
Informasjon om kvart enkelt fag/yrke.
Fagopplæringskontoret gjer merksam på at bedriftene sjølv velger kven dei vil tilsette. Det er ikkje sikkert at dei bestemme seg for å ta inn lærling sjølv om dei står på lista. Les meir under om korleis ein skal gå fram for å auke sjansene sine til å få læreplass.
Fagopplæringskontoret sitt mål er at alle som ønskjer læreplass skal få tilbod om ein plass.

Korleis skaffe seg læreplass
Søknad og fristar
For å få søkje læreplass, må du sende ein elektronisk søknad til Inntakskontoret Hordaland fylkeskommune innan 1. mars 2012. Adressa til den nettstaden du skal registrere søknaden din er www.vigo.no. Har du søkt læreplass, vil søknaden din bli sendt til aktuelle lærebedrifter som har læreplassar i fag som byggjer på det kurset i videregående skole som du kjem frå.
Fylkeskommunen ved fagopplæringskontoret formidlar søkjarar til bedrifter som har teikna avtale om inntak av lærlingar. Ingen er garantert læreplass eller har krav på opplæring i ei særskilt bedrift. Det er den enkelte lærebedrift som sjølv bestemmer kven dei vil teikne lærekontrakt med.
Søkjarar som blir formidla:
1. Elevar som våren 2012 avsluttar eit videregående kurs (VG2) i yrkesfag som skal avsluttast med læreplass.
2. Elevar som våren 2012 avsluttar eit vidaregåande kurs (VG1) og som søkjer læreplass i eit særløpsfag.
3. Elevar som våren 2012 avsluttar VG3 i faga automatiseringsfaga, dataelektronikar og anleggsmaskinmekanikarfaget.
4. Elevar med rett som i skoleåret 2011/2012 har tatt ut friår eller som har fått utvida rett til opplæring, og som har rett vidaregåande kurs 1 og kurs2 for å søkje læreplass.
Søkjarar som ikkje blir formidla:
1. Søkjarar som er registrerte i folkeregisteret med heimstadadresse i andre fylke, dei skal fremje søknad om læreplass i sitt heimfylke.
2. Søkjarar som våren 2012, eller tidlegare, har gjennomført alternativ sluttopplæring i skole.
Formidling av elevar frå vidaregåande skole til læreplass er regulert i forskrift til opplæringslova.
Alle søkjarar som ikkje stettar krava til formidling vil få skriftleg melding. Vedtak om avslag på formidling er eit enkeltvedtak og følgjer reglane i forvaltningslova.
Kva legg bedriftene vekt på når dei skal velje aktuelle kandidatar til læreplass?
- ein personleg søknad frå deg, som du sender direkte til aktuelle lærebedrifter
- lite fråvær
- god orden
- karakterar - spesielt i studieretningsfaga og gymnastikk.
Ver merksam på at innan enkelte lærefag blir det stilt spesielle krav til god fysikk.
Bedriftene får oversikt over søkjarar med personopplysningar og karakterar. Du må sjølv skrive ein personleg søknad som du sender direkte til dei aktuelle lærebedriftene, for dei fleste bedriftene betyr dette svært mykje når dei skal velje kven som skal få begynne i lære hos dei.
Vi gjer merksam på at dersom du vel å takke nei til tilbod om læreplass, eller ikkje møter til intervju, har du ikkje krav på tilbod om ny læreplass eller tilbod om alternativ sluttopplæring i skole (VG3) same skoleåret.
Fagopplæringskontoret vil, så langt råd er, formidle deg til bedrift i det lærefaget du har søkt, men du kan og bli formidla i alle lærefaga som byggjer på kurset ditt frå vidaregåande skole. Du må vere budd på å bu borte frå heimen for å få læreplass. Dersom det er ledige læreplassar i andre fylke innan ditt fag, vil vi også prøve å formidle deg til lærebedrifter i andre fylke.
Elevar med rett til vidaregåande opplæring som ikkje har fått tilbod om læreplass, vil få tilbod frå inntakskontoret om sluttopplæring i skole.
Dersom du i tillegg til læreplass har søkt - og fått plass - ved t.d. allmennfagleg påbygning, vil du ikkje ha rett til å få sluttopplæring i skole dersom du ikkje får læreplass.
Sjå også www.vilbli.no