Lærekandidat

Kva er forskjellen på ein lærling og ein lærekandidat?
Ein lærling skal nå alle måla i læreplanen, mens lærekandidaten sikter mot arbeidsoppgåver innanfor ein avgrensa del av læreplana. Variasjonane kan vere store frå kandidat til kandidat. Nokon kan nå alle måla i VG3 læreplana, mens nokon kan ha ein måloppnåing på eksempelvis 50%.  Det er mogeleg å gjere om ein opplæringskontrakt til ein lærekontrakt og omvendt undervegs i læreløpet. 

Kven reknast som lærekandidat?
Lærekandidat er den som har teikne ein opplæringskontrakt med sikte på ein mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve.

For å inngå opplæringskontrakt er modellen som for lærlingar: to år i skole og to år i bedrift. Det vil si at man følgjer den fastsette strukturen for faget. Elever som har gjennomført hele eller deler av VG 1 og VG 2 i vidaregåande skole, kan teikne opplæringskontrakt i fag som bygger på det gjennomførte vidaregåande kurset. Les meir om ordninga her.
 

Krav til lærebedrift.
I tillegg til bedrifter som kan gi opplæring i hele læreplanen,  kan fagopplæringskontoret også godkjenne bedrifter som berre kan gi opplæring i deler av læreplanen i denne ordninga . Bedrifta må ha kompetanse og utstyr slik at dei kan gi lærekandidaten opplæring i forhold til den individuelle planen.

Opplæringslova sine reglar om partanes rettigheitar og plikter i opplæringsløpet er like for både lærlingar og lærekandidatar. Lærekandidatar skal ha lønn.

Tilskot til opplæring av lærekandidatar er lik som til lærlingar. Det er også mogeleg å søkje om ekstraordinært tilskot til dei som har behov for det. Les meir om det her. Dersom lærekandidaten skal ha noko teori i tilegg til bedriftsopplæring kan ein også ha rettigheitar i høve til spesialundervisning. Les her.

Opplæringa av lærekandidaten skal skje etter en individuell plan for opplæringa med utgangspunkt i fagets læreplan. Læreplanane finn du her. Planen skal utarbeidast av lærebedrift saman med kandidaten.  Fagopplæringskontoret kan vere behjelpeleg med utforming av den individuelle planen . Lærekandidaten skal delta aktivt i planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av opplæringa. Dei skal på lik linje med lærlingane ha fortløpande rettleiing og vurdering.

Grunnlaget for en opplæringsplan skal være:
•  Fagets læreplan for opplæring i bedrift
•  Lærekandidatens faglig nivå, ønskjer og muligheiter
•  Skolens vurdering
•  Bedrifta si vurdering

Kompetanseprøve - kompetansebevis
Bedrifta/opplæringskontoret skal melde lærekandidaten opp til kompetanseprøve i god tid før læretidas utløp. Kompetanseprøver skal utarbeidast, gjennomføres og vurderast innanfor de same rammer som fag- eller sveineprøver, men med utgangspunkt i den enkelte lærekandidats individuelle plan. Det vil si at prøven normalt skal bestå av: 

 
•  planlegging av arbeidet og grunngiving for valde løysningar
•  gjennomføring av eit fagleg arbeid
•  vurdering av eige prøvearbeid
•  dokumentasjon av eige prøvearbeid

 Vurderinga vil bli gjort av medlemmer av fagets prøvenemnd. Lærekandidaten vil etter endt opplæring få utstedt et kompetansebevis. Bedrifta/opplæringskontoret kan komme med forslag til prøvestykke, på lik linje som ein fag eller sveineprøve, men med utgangspunkt i
Lærekandidatens sin individuelle opplæringsplan
Tilpassa bedrifta sin produksjon

Korleis få hjelp
Trenger du hjelp i læretida eller har spørsmål om lærekandidatordninga kan du ta kontakt med  Torbjørn Mjelstad .

22.03.2010 11:08

Akkurat no

Skoleår i utlandet?
_____________________________

Opplæring for vaksne
Oppstart i august
_____________________________

Sommarskolen

No kan du melde deg på sommarskolen

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart