Søknad om å bli godkjent som lærebedrift
Ei lærebedrift er ei bedrift, offentlig etat, institusjon eller eit opplæringskontor som er godkjent av fylkeskommunen for å ta inn lærlingar/lærekandidatar. Bedrifta vert godkjent gjennom søknad. For å bli godkjent må bedrifta kunne gi den opplæringa som er fastsett i læreplanen VG 3 for faget, og bedrifta må ha ein fagleg kvalifisert person (fagleg leiar) som er ansvarleg for opplæringa.
Dokumentasjon/brev om godkjenning som lærebedrift
Fagopplæringskontoret sender ut godkjenningsbrev først når lærebedrifta har signert og fått godkjent lærekontrakt med aktuell lærling.
Informasjonsmøte for lærebedrifter
Informasjonsmøtet er eit felles møte for nye og gamle lærebedrifter der Fagopplæringskontoret har ein gjennomgang av lærlingordninga og dei rettar og pliktar ein lærekontrakt medfører for partane. Fagopplæringskontoret kan kalla nye lærebedrifter inn til eit obligatorisk informasjonsmøte før søknad vert handsama. På møtet vil det vera høve for dei frammøtte å stilla spørsmål og møte representantar frå Fagopplæringskontoret. Møtet varar ca 1,5 time.
Informasjonsmøta er opne for alle! Både bedrifter som alt er lærebedrifter og treng litt oppdatering, samt bedrifter som kanskje tenker på å bli lærebedrifter og ynskjer litt generell informasjon. Det er ingen påmelding på møta. Dersom tidspunkt for møtet ikkje passar er Fagopplæringskontoret fleksibel og kan avtala eige møte med den enkelte bedrift.
Datoar for Informasjonsmøte for lærebedrifter 2012
Onsdag 6. juni- Møterom Stadsporten 8. etg. Tid: kl 08:30 - 10:30
Tysdag 21. august - Møterom Stadsporten 8. etg. Tid: kl 08:30 - 10:30
Tysdag 11. sept. - Møterom Stadsporten 8. etg. Tid: kl 08:30 - 10:30
Tysdag 9. oktober - Møterom Stadsporten 8. etg. Tid: kl 08:30 - 10:30
Tysdag 6. november - Møterom Stadsporten 8. etg. Tid: kl 08:30 - 10:30
Tysdag 4. desember - Møterom Stadsporten 8. etg. Tid: kl 08:30 - 10:30
Møtestad: Wigandgården, Agnes Mowinckelsgate 6
For nærmare informasjon kan du kontakte Fagopplæringskontoret på tlf. 55239900.
Introduksjonsmøte for lærebedrifter i Sunnhordland
For nærmere informasjon kontakt Fagopplæringskontoret avdeling Stord på tlf: 53402040
Til skjema, linker og dokumenter for bedrifter