Prosjekt til fordjuping - Yrkesfagleg opplæring
"Kunnskapsløftet" stiller større krav til samarbeid mellom skole og arbeidsliv for å få ein fullgod fagopplæring.
I Prosjektet til fordjupning skal elevane prøve ut aktuelle lærefag.. Dei skal helst ha praksis i arbeidslivet, og det skal lagast lokale læreplanar basert på læreplanane frå Vg3(lærlingane sine planar). Dette krev etablert kontakt mellom skole og arbeidsliv.
Her finn både skolar og verksemder relevante dokument og kontaktinformasjon.
Fleire skolar som har studieførebuande program har etablert samarbeid med næringslivet, t.d. innan teknologiske fagområde. I Hordaland har vi ein eigen
TAF-ordning, der elevane kan få både lærefag og studiekompetanse.
"Kunnskapsløftet" har innført at elevane frå ungdomstrinnet skal bli kjent med ulike utdanningsvegar innan videregåande opplæring.
Senter for ykesrettleiing har laga eit rettleiingsverktøy "Frå utdanning til arbeid". Dei bidrar og til å koble ungomdsskolar med arbeidslivet.