Det store pc-sleppet

Så var det over og ut med tavlekrit, tørre svampar og knitrande papir. Inn i skulestova kjem i staden digitale tavler styrt etter tøtsjmetoden og nyutdanna pc-ekspertar. Alt er klappa og klart for det store pc-sleppet. 6900 pc-ar står og ventar på å bli tekne i bruk av årets Vg1-elevar.

To av drivkreftene bak ”den digitale skulen” er rådgjevar Kjetil Brathetland og prosjektleiar June Breivik ved Opplæringsavdelinga til Hordaland fylkeskommune.
To av drivkreftene bak ”den digitale skulen” er rådgjevar Kjetil Brathetland og prosjektleiar June Breivik ved Opplæringsavdelinga til Hordaland fylkeskommune.

I dag var det opning i Grieghallen for storsatsinga der fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen og professor Arne Krokan frå NTNU tok tak i bakgrunnen for satsinga på den digitale skolen.
Prosjektet har vore drifta av Opplæringsavdelinga der June Breivik, nytilsett prosjektleiar på Opplæringsavdelinga og rådgjevar Kjetil Brathetland har vore to av drivkreftene. Det har ikkje vore lett å få tak i blikka deira dei siste dagane.
 
Men boka var ikkje død
- Elevane vil få tilgang til digitale læringsressursar, og bøkene blir elektroniske. Men det betyr ikkje at boka er død, berre at vi får fleire læringskanalar, seier June Breivik.
- Finst det noko program, eller blir det berre ei gigantisk happening med nye pc-ar og ikkje noko meir?
- Noko av det viktigaste i den digitale skulen skal vere at den vert ein elevaktiv skule, der elevane blir dregne tettare inn i sitt eige læringsarbeid, svarar dei.
- Og når pc-en sviktar,det skjer som kjent innimellom.
- Då har skulen eit reservelager til rådvelde. Og vi har leverandøren, som vi har ein detaljert kontrakt med. Det skal ikkje mangle på læring til einkvar tid, lovar June Breivik og Kjetil Brathetland.
 
www.dubestemmer.no
Saman med pc-ane får alle elevane eit nylaga sett med  nettverksreglar, ”Velkommen til den digitale skolen – og til Internett”. Meir info om det ligg ute på www.dubestemmer.no

- Korleis skal skulane klare å unngå at dette berre vert eit nytt og dyrt leiketøy?
- Det er berre eit overgangsfenomen og ein tidsperiode der det blir lov til å prøve og feile i skapinga av den digitale skolen.Det er ikkje berre kunnskapar frå fortida som skal målast i skulen, men også evna til kreativ bruk av ny teknologi, seier prosjektleiarane.
 
Ein god skulekvardag
- Korleis er skulane rusta til å ta imot surfegenerasjonen?
- Sers godt. Fire SIKT/Satsing på IKT/- skular prøvde ut eit opplegg med pc-ar på Vg1 førre skuleåret. Vi har også hatt gåande eit skuleleiarprogram over tid. Skulane har fått opplæring av dei fremste ekspertane på det å skape forståing for dei mekanismane som gjer seg gjeldande og å møte dei utfordringane som infosamfunnet står for, seier Brathetland.

- Kva med fotfolket?
- Vi har sett av midlar til nye lærarkurs komande skuleår for å heve den digitale kompetansen hos lærarane. Dei skal få digitale tavler der dei med ein tøtsj set i gong ei følsam tavle. Som back-up får dei to superbrukarar på kvar skule og seks e-pedagogar i kvar region, lovar dei to prosjektleiarane. Berre det blir utløp for ordleik, talleik, fantasi  og Olav Duun i framtida også, blir den digitale skulen ein god skulekvardag.

 

Tormod Valaker 16.08.2007 15:24
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart