Søknad spesialundervisning

Søknad om spesialundervisning i offentleg vidaregåande opplæring

Elevar som ikkje har tilfredstillande utbytte av den ordinære opplæringa har rett til spesialundervisning.

Slik søkjer du

  • I Hordaland fylkeskommune må elevar som ønskjer og treng spesialundervisning søkje om dette på elektronisk søknadsskjema.
  • Vedlegg til søknaden, som t.d. sakkunnig uttale, må sendast pr post eller leverast til skulen eleven går på.
  • Dersom eleven ikkje veit kva skule han eller ho skal starta på må vedlegga ettersendast til den aktuelle skulen når inntaket er klart.

OT/PPT

Elevar som søkjer om spesialundervisning må godta å bli tilvist til Oppfølgings- og pedagogisk psykologiske tenesta (OT/PPT) for sakkunnig vurdering av behov for og rett til spesialundervisning.
Ved overgang mellom grunnskole og vidaregåande opplæring må det utarbeidast ny sakkunnig vurdering om rett til spesialundervisning. Denne vert utarbeida av den fylkeskommunale OT/PPT .

Særskilte vilkår

Alle elevar som søkjer på særskilte vilkår til opplæringstilbod i grupper med redusert elevtal og elevar som søkjer kompetanse på lågare nivå må også søkje om spesialundervisning.

Søknadsskjema skal ikkje nyttast av elevar i private vidaregåande skular.

Lenkjer

Søknadsskjema for spesialundervisning

Oppfølgings- og pedagogisk psykologiske teneste (OT/PPT)

Opplæringslova §5 Spesialundervisning, Lovdata 

Einar Gilberg 20.01.2010 11:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart