Det gjekk slag i slag, og talarane stod i kø då nyerektor Svein Inge Styve på Voss jordbruksskule tok styringsretten og inviterte til gjestebod for gamlerektor Nils Dagestad. Kjøkkensjef Arne Johan Dregelid serverte alt frå eigen skulegard, lammesteik, potetar og eit bugnande kakefat. Gardshønene hadde arbeidd døgnet rundt og verpa 208 egg til ein smektande karamellpudding.
På bilete: Strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve muntra forsamlinga med gode historier. F.v. Eigedomssjef Helge Haavardtun, Styve, Nils Dagestad, Reidun Dagestad og skulesjef Inger Øvsthus Tønder.
24.01.2007
Tekst og foto: Tormod Valaker
Les heile saka