Tannskadar

Ved alle slag tannskadar bør ein ta kontakt med tannlege snarast mogeleg. Det er likevel ikkje alltid at tannbehandling er nødvendig med ein gong.

Hvis delar av tannkrona er slått av

  • Lunken  mat og drikke gir minst smerte.
  • Ta vare på den avslåtte biten dersom den er større enn om lag 3 mm. Fleire små bitar kan verta vanskeleg å lima på att. 
  • Oppbevar biten i vatn eller mjølk. Ta kontakt med tannlege.

Hvis tann eller tenner er slått ut av stilling
Ta kontakt med tannlege snarast mogeleg.

Hvis det er vanskeleg å bite saman utan synleg grunn
Ta kontakt med tannlege eller lege snarast råd for undersøking av eventuelt kjevebrot.

Hvis ei tann er slått heilt ut

  • Oppbevar tanna i munnen eller i vatn eller mjølk.
  • La tannlegen setje den på plass så snart som mogeleg, helst innan ein time.
  • Mjølketenner set ein ikkje på plass att. Mjølketenner kan være slått heilt inn i kjeven, og det kan såleis vera vanskeleg å sjå tanna. Oftast vil ei slik tann kome fram av seg sjølv etter ei tid. Ta kontakt med tannhelsepersonell for å ta eit røntgenbilete.

Skaderegistrering

  • Dersom tannskade skjer på arbeidsplass eller skule, så vil det bli rekna som yrkesskade i Folketrygda.
  • Arbeidsgjevar eller skule må senda  skademelding til Trygdekontoret, som igjen sender eit skjema om tannskade til tannlegen for utfylling.
  • Seinskadar kan oppstå, og såfremt skaden er registrert, kan det søkast om tilskott til tannbehandling.
  • Ta alltid kontakt med forsikringsselskapet ditt dersom du har skadeforsikring. Tannlegen vil få tilsendt skadeskjema for utfylling.
  • Hugs at foreiningar og lag ofte har kollektive forsikringar for arrangement (til dømes fotball- og handballkampar).

Oppfølgjande behandling
Det er viktig for tanna si framtid at den vert ferdig behandla etter skaden med nødvendige etterkontrollar. Dette er også viktig om forsikringa skal gjelde.

Tilbake

02.06.2005 19:24
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart