
Ordførar Terje Søviknes overrekker miljøfyrtårndiplomet for tannklinikken i Os til klinikksjef Bente Holmgren. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Eit knippe med miljøfyrtårn
– Det er svært kjekt å markere dette. Vi har eit knippe med miljøfyrtårn i Os. Barnehagen var først ut, etterfølgt av næringsverksemder og offentlege etatar. Ordninga er godt kjent. Den er robust. Det er ein prosess som må gjennomførast og oppfølgjast. Det er ei glede for meg å overrekke beviset på at dei to tannklinikkane er miljøsertifiserte, sa ordførar Terje Søviknes.
Tok lenger tid enn tenkt
Overrekkinga skjedde på Seletun, Miljøforbundet sin stad ved Oselvarvassdraget.
– Vi starta arbeidet med miljøsertifisering i april i fjor og trudde vi skulle vere ferdig i løpet av eit halvt år. Men det tok lenger tid enn vi hadde tenkt, opplyser klinikksjef ved dei to tannklinikkane, Bente Holmgren.

Marit-Lise Vines tok imot miljøfyrtårndiplomet for Tysnes tannklinikk av ordførar Terje Søviknes.
Det aller meste går til gjenvinning
Tannklinikkane hadde gjort ein del miljøtilpassingar på førehand.
– Varme og lys var for det meste i orden. Men no sparar vi straum og skrur av datamaskinar som ikkje er i bruk. Vi har innført avfallssortering. Det aller meste går til gjenvinning. Vi har ei øvre grense for kor mykje restavfall vi kan ha og vi gjenvinnar alt vi kan. I tillegg har vi forbetra innkjøpsrutinane og minka papirbruken.
Skjerpar seg både på jobb og heime
Ved tannklinikken i Os er det 11 tilsette, mens klinikken på Tysnes har fire tilsette. Klinikksjefen fortel at satsinga på miljøet ber frukter.
– Dette har ringverknader for vi skjerpar oss også heime. Miljøsatsinga er oppdragande for familien, seier klinikksjef Bente Holmgren ved dei offentlege tannklinikkane i Os og Tysnes.

Dei tilsette ved dei to tannklinikkane hadde program om ”aktiv kvar dag” med søkelys på miljø, mat og mosjon på Seletun då ordførar Terje Søviknes kom innom for å heidre dei for satsinga på miljøet.

Ei miljøgruppe ved kvar av tannklinikkane har stått i spissen for miljøsatsinga: Klinikksjef Bente Holmgren (f.v.), Reidun Lunde Tuft, Os, Bente Bakke, Os, Liv Hege Bergesen, Tysnes og Marit-Lise Vines, Tysnes.