Stønad til tannbehandling i følgje Lov om sosiale tjenester


Individ som i lengre eller kortare periodar har problem med økonomien, kan kontakte sosialkontoret sitt for å få økonomisk hjelp. På same vis som ein i visse høve kan få hjelp med husleiga, vil ein kunne få hjelp til utgifter med tannbehandling. Det er individet sine inntekter og utgifter som vil vere avgjerande for om stønad vert gitt.

Sosialkontora/NAV er ulikt organisert i kommunane. Det same gjeld framgangsmåten for å få stønad til tannbehandling. I alle høve er det ein føremon å kontakte eige sosialkontor/NAV før ein kontaktar og gjer avtaler med ein tannlege, i dei høve ein trur sosialkontoret kan vere til hjelp. Til dømes vil det i nokre kommunar vere slik at sosialkontoret først skal gje tilsegn om at stønad til tannbehandling kan vere aktuelt, og kostnadsoverlaget etter det skal vere utarbeidd av ein offentleg tilsett tannlege.

Klage på vedtak gjort av sosialkontoret vil og verte behandla ulikt i kommunane avhengig av organiseringa av tenesta og kva som er delegert frå politikarane til administrasjonen. 

Sida er kontrollert mai 2010

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart