Som brukar av DOT har du og rettar med heimel i Lov om folketrygd.
Forskrift til folketrygdlova sin § 5-6 gir relativt utfyllande oversyn over trygdekontora sin støtte til tannbehandling. Forskrifta finn ein på internett via NAV(Arbeids-og velferdsetataten). Regelverket er likevel ikkje så lett å forstå for den einskilde brukar av DOT eller privat tannhelseteneste. Difor skal vi liste opp dei viktigaste tilfelle der trygda kan redusere brukarane sine eigendelar for tannhelsetenester.
- Behandling av sjukdomen periodontitt med tannreins eller operative inngrep vert støtta så godt at eigendelen normalt ikkje vert over 40 % av tannlegen sitt honorar, når behandlinga blir utført i DOT. Private tannlegar kan ta høgare priser.
- Kirurgisk behandling som incisjon av absesser, fjerning av retinert/djuptliggjande tann, rotspissamputasjonar, plastisk operasjon av leppeband, gir og eigendelar på ca 40 prosent.
- Kjeveortopedisk behandling (tannregulering) vert dekt i varierande grad avhengig av kor alvorleg bittfeilen vert vurdert å vere. T.d. vert regulering av store underbitt der og korrigerande kirurgisk inngrep er naudsynte, dekka fullt ut av trygda. Om sysken av den einskilde brukar har hatt tannregulering, vert det gitt ein større refusjon frå trygda. Den kjeveortopeden som vert valt til behandlinga, vil gje eit kostnadsoverslag etter å ha vurdert den einskilte sin trong for behandling. Behandlinga av bittavvik må normalt ha starta før fylte 18 år for at trygda skal refundere utgiftene.
- Behandling som følgje av ganespalte. Utgiftene vert dekte fullt ut.
- Behandling av traumatiske tannskadar hos individ med epilepsi, cerebral parese og liknande sjukdomar. Utgiftene vert dekte fullt ut.
- Omfattande behandling som protetisk behandling, rotbehandling, komplisert tannkjøttbehandling og liknande på individ med bestemte sjeldne lidingar vert dekt fullt ut.
- Tannbehandling i samband med kreft i munnhola. Utgiftene vert dekte fullt ut.
- Infeksjonsførebyggjande behandling ved førebuing av hjarteoperasjonar, dialysebehandling, organtransplantasjonar og ved immunsuppresiv behandling og ved HIV/AIDS. Utgiftene vert dekte fullt ut.
- Rehabilitering av tannsettet med protetisk behandling ved tap av tenner som følgje av marginal periodontitt. Deler av utgiftene kan verte dekte.
Sida er kontrollert mai 2010