Klagevegar


Eventuelle klager bør primært verte retta til den tannklinikken som er gitt ansvar for den einskilde brukar av DOT sine tenester. Dei fleste klagesaker finn ei løysing lokalt. DOT sine tilsette kan og informere om klageordninga.
Klageskjema om du vil sende ei skriftleg klage.
 
Om ein brukar ikkje vert nøgd med oppfølginga og resultatet av ei slik klage, gjeld desse klagereglane etter Lov om tannhelsetjenesten:

Den som ikkje får den hjelpa som er bestemt i Lov om tannhelse-tjenesten eller for DOT i Hordaland, kan klage til fylkestannlegen.
Går avgjerda imot klagaren eller vert klaga avvist, kan avgjerda verte sendt til:
Fylkesmannen i Hordaland, helseavdelinga,
Statens hus, Kaigt. 9,
Pb. 7310, 5020 Bergen.

Fristen for klage er tre veker frå vedkommande fekk høve til å klage. Klage etter denne fristen kan verte behandla om det vert vurdert som rimelig at den vert prøvd.

Det ein kan klage over er at ein ikkje får naudsynt hjelp av rimeleg standard. Denne klageordninga gjeld ikkje om ein einskilt diagnose viser seg å vere feil, ei fylling ikkje er perfekt, ein medisin mindre heldig i det einskilde tilfelle o. l., når det ikkje er tale om alvorlege feil. Ein kan heller ikkje klage over at ein må vente på tur for å komme inn til tannlegen. Klagen må i tilfelle gjelde ulikebehandling eller tenester som ikkje held eit rimeleg minstemål.

Klagehøve vedkomande Nav-kontora sine vedtak
Klage på vedtak i trygdesaker kan verte klaga vidare til Rikstrygde-verket. Men det er ei rekke med unntak. Regler om dette står i Lov om folketrygd sin § 21-12 Klage og anke i trygdesaker. Det lokale Nav-kontoret kan vere til hjelp med dette.


Sida er kontrollert mai 2010

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart