Det du har rett til med omsyn til tannbehandling, er fastsett i mange ulike lover og forskrifter.
Som brukar av Den offentlege tannhelsetenesta vil alder primært bestemme kva du har rett til. Her skal vi freiste å gje utfyllande informasjon om det som avgjer kva du har krav på.
Lov om tannhelsetjenesten
Kven har rettar ?
I Lov om tannhelsetjenesten § 1-3 er det fastslått at "Den offentlige tannhelsetjenesten skal organisere forebyggende tiltak for hele befolkningen".
Den skal gje eit regelbunde og oppsøkjande tilbod til:
a. Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år.
b. Psykisk utviklingshemmede i og utanfor institusjon.
c. Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og
heimesjukepleie.
d. Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret.
e. Andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere.”
I forskrift fastsett av departementet er gruppe c avgrensa til dei som har vore på helseinstitusjon i tre månader eller har hatt heimesjukepleie minst kvar veke i tre månader.
Merk at forskrifta om gruppe C gjeld både for psykiatriske og somatiske pasientar.
Sida er kontrollert september 2011