Vaksne/eldre og langtidssjuke

                                       

Tannkjøtsjukdom er like vanleg som hol i tennene. Mange typar medisin og ulike sjukdomar fører til meir hol i tennene, såre slimhinner og soppinfeksjonar.
Mange vaksne, eldre og langtidssjuke har store problem med tennene.

Her er nokre tips for at problema skal bli mindre:

  • Det er viktig å få reingjort tennene 2 g/dag. Bruk gjerne elektrisk tannbørste.

  • Fluortablettar og fluorskyllemiddel styrkjer emaljen, i tillegg til fluortannkrem som bør brukast morgon og kveld.

  • Spyttstimulerande middel er å få kjøpt, t.d. Xerodent-sugetablettar.

  • Drikk mykje vatn.

  • Det er og viktig å halda protesane heilt reine. Puss  dei godt dagleg, ta dei ut etter kvart måltid og skyl dei godt.

  • Har du sår under protesane, må du oppsøkje tannlege/tannpleiar. 

  • Prøv å få hjelp til tannstellet om du ikkje klarar det sjølv.

Du får meir tannhelseinformasjon ved å ta kontakt med tannlege/tannpleiar.

Du kan også lese lenkene til Helsedirektoratet:
www.shdir.no/tannhelse

Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart