Fylkestannlege Arne Åsan er den øvste administrative og faglege leiar av Den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland.
Tannhelseavdelinga sin administrasjon med 9 tilsette held til i fylkeshuset.
Hordaland fylke er delt i 5 tannhelsedistrikt, med tilsaman 65 klinikkar.
Overtannlegen er den øvste leiar i kvart distrikt. Klinikksjefen er leiar for klinikken. Distrikta varierar både i geografisk storleik og i tal tilsette. Blant dei tilsette har vi mellom anna tannlegar med spesialutdanning innanfor Kjeveortopedi (tannregulering) og implantatbehandling.
Tannklinikkane varierer mykje i storleik, frå små klinikkar med eit behandlingsrom og to tilsette (tannlege og tannhelsesekretær) til dei største med opp til 8 behandlingsrom. Utviklinga dei seinare år har gått frå mange små til færre, men større klinikkar. Talet på behandlingsrom er ikkje vesentleg endra. Våre klinikkar er i dag godt utstyrte med moderne tannlegeutstyr, elektronisk journalsystem og digitalt røntgensystem. Dette gjer ein god fagleg kommunikasjon mellom klinikkane våre mogleg.
Sida er kontrollert november 2011.