Kven får behandling

Fylkeskommunen skal sørgje for at tannhelsetenester er rimeleg tilgjengelege for alle som bur eller midlertidig oppheld seg i fylket.
Den off. tannhelsetenesta skal gje eit regelbunde, oppsøkjande og gratis tilbod til:

  • Born og ungdom frå 0 – 18 år (ut heile året dei er 18 år)
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
  • Grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie. Dette under føresetnad av at ein har budd i institusjon i 3 månader eller meir, eller har motteke heimesjukepleie minimum 1 gong per veke i 3 månader eller meir.
  • Ungdom som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret
    betalar 25% av takstar fastsett av departementet. Merk, dette gjeld tom. ut kalenderåret dei fyller 20 år.
  • Personar med rusproblem.Tilbodet er avgrensa til personar med langtidsopphald i rusinstitusjon og personar i den kommunale rusomsorga  som mottek tenester etter § 4.2 i Lov om sosiale tenester.
  • Andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å
    prioritere.

Utgifter til tannregulering vert dekt med inntil 75 % frå Folketrygda etter søknad.  

I tillegg til dei prioriterte oppgåvene gir vi tilbod om behandling til vaksne, betalande pasientar ved dei fleste klinikkane, avhengig av kapasitet.

Den off. tannhelsetenesta har også tilbod om lystgass/Dormicum ved enkelte klinikkar.

I Hordaland har narkomane eit spesialtilbod. Straxhuset i Bergen har inngått avtale med Den offentlege tannhelsetenesta om eit lavterskeltilbod. Behandlinga vert utført på Tannklinikken Legevakten 2 dagar i veka.



Sida er kontrollert juni 2011.



22.02.2011 13:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart