Vestlandsrådet - høyring på Handlingsprogram 2012 - 2019

Vestlandsrådet handsama 14.6 Handlingsprogram for 2012 - 2019 for Transportplan Vestlandet 2007 - 2019, for utsending på høyring.

Det vart gjort slikt vedtak:

"1. Det vert gjort slike endringar i Handlingsprogram 2012 – 2015:

-  Vestlandsrådet meiner at kollektivtransport bør omtalast i særslikt   tema i NTP.

- Årlege løyvingar til rassikring vert auka til 2 mrd kr per år.

2. Handlingsprogrammet for samferdsle presenterer Vestlandsrådet sin samferdslepolitikk og vil vere ein særs viktig premissleverandør inn mot arbeidet mot Nasjonal Transportplan 2014 – 2023. Eit viktig mål i handlingsprogrammet er å få ei monaleg auke i løyvingane til realisering av Ferjefritt E39 både på kort og lang sikt.

3. Vestlandsrådet sender med dette Handlingsprogrammet for samferdsle ut på høyring til fylkeskommunane Sør Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest Agder , byane, kommunane, næringslivet og sentrale samfunnsmessige institusjonar og organisasjonar med frist for høyringssvar innan 1. oktober 2011.

4. Transportprogrammet blir endeleg handsamast i møte i Vestlandsrådet 24.november 2011."


Saksframlegg

Handlingsprogrammet 2012 - 2019

 

20.06.2011 15:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart