I 2009 var det 1 758 km fylkesvegar i Hordaland. Frå 2010 vart 1 134 km øvrige riksvegar omklassifiserte til fylkesvegar. Alle desse vegane fekk nemninga fylkesvegar og fylkesvegnettet vart på ca. 2 900 km. Nokre av dagens øvrige riksvegar er framleis eit statleg ansvar. Her i fylket er det om lag 135 km. Saman med dagens stamvegar (613 km) har desse vegane no nemninga riksvegar. Samla riksveglengd i Hordaland frå 01.01.2010 er 748 m.