Nasjonal transportplan

Regional transportplan - aktueltNasjonal transportplan (Ill.: Stein Løken)

NTP - regjeringa sin transportpolitikk 

Nasjonal transportplan presenterar hovudtrekka i regjeringa si transportpolitikk og er eit verktøy for prioritering av utbygging, drift og vedlikehald av den statlige transportinfrastrukturen, herunder veg-, jernbane-, luft- og sjøtransport.


NTP- plan og budsjett

I stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan vert Regjeringa si strategi presentert. Transportplanen har ein planperiode på 10 år, men vert revidert kvart 4. år. Det er likevel ved handsaming av det enkelte års statsbudsjett kvar haust at Stortinget aktivt fattar vedtak som bind opp bruken av midlane.

NTP - lokal involvering

NTP prosessen legg opp til sterk lokal involvering og planforslaga frå transportetatane vert handsama både i fylkeskommunane og storbykommunar. Fylkeskommunlen legg opp til at RTP (den regionale transportplanen) skal gje innspel til NTP arbeidet. 


NTP - handsaming i Stortinget

Transportetatane sine forslag og høyringsuttalar ligg til grunn for ei stortingsmelding som vert handsama av Samferdselskomiteen. Komitéen legg fram si innstilling for Stortinget og planen vert teke opp til forhandling. I samband med handsaminga vert det fatta konkrete vedtak der Regjeringa får i oppdrag å førebu spesielle saker for Stortinget.


Handlingsprogramma for statleg infrastruktur

Nasjonal transportplan er førande for handlingsprogramma som vert utforma av Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket samt arbeidet i Avinor AS (det heileigde statlege luftfartsselskapet-utarbeider ikkje handlingsprogram).

Handlingsprogramma skal vere konkret for dei første fire åra av planperioden, og angi prioritering av planer og prosjekt innanfor den økonomiske planramma som Stortinget fastsett. Handlingsprogrammet skal og visa perspektivet for dei siste seks åra av perioden, men på eit mindre konkret nivå. Regjeringa og Stortinget har føresett at handlingsprogrammet skal danna grunnlag for etatane sine årlege budsjett. Eventuelle avvik mellom handlingsprogram og budsjett skal angjevast i dei årlege budsjettproposisjonane.

Lenkjer

Transportetane si side om NTP 
Samferdselsdepartementet si side om NTP
Handlingsprogrammet for Jernbaneverket
Handlingsprogrammet for Kystverket
Handlingsprogrammet for Statens vegvesen 
Fylkeskommunen si side om RTP 

Sist endra 12.1.2012
Bjørn Inge Midtgård

23.06.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart