Handlingsprogram for fylkesvegnettet 2010-2013

Handlingsprogrammet legg rammene for investeringar, drift og vedlikehald og kjøp av ferjetenester på fylkesvegnettet i Hordaland i åra framover.

Vedteke handlingsprogram 

Handlingsprogrammet 2010-2013(19) for fylkesvegnettet ligg no føre. Dette legg rammene for investeringar, drift og vedlikehald og kjøp av ferjetenester på fylkesvegnettet i Hordaland i åra framover.

Handlingsprogrammet vart vedteke på fylkestinget 9. desember 2009.   Fylkesvegnettet er frå 2010 sterkt utvida på bakgrunn av forvaltningsreforma, som vart gjort gjeldande frå 1. januar 2010. Fylkesvegnettet i Hordaland er med reforma auka frå om lag 1 750 km til om lag 2 900 km veg etter at det meste av det tidlegare øvrige riksvegnettet er omklassifisert til fylkesvegar.

Sentrale stikkord for satsinga på fylkesvegnettet i Hordaland i perioden 2010-2013 er: 

  • Oppfylling av eksisterande forpliktingar og ferdigstilling av påbegynte prosjekt
  • Sterk satsing på vidareføring av Bergensprogrammet i samarbeid med Bergen kommune, inkludert ein auke i satsinga på programområde (sekkepostar) med 50 %
  • Vidareføring av 2009-nivå i satsinga på ferjedrifta
  • Oppstart av fem nye, strekningsvise investeringsprosjekt med til saman 133 mill kroner i fylkeskommunale midlar
  • Ein auke på om lag 15 % til drift og vedlikehald på vegnettet i høve til 2009
  • Ein auke i satsinga på programområda (sekkepostane) utanfor Bergen i høve til perioden 2006-2009
  • Fokus på å ta vare på heile fylkesvegnettet, både dei ”gamle” og ”nye” fylkesvegane
  • Oppretting av ein ”til rådvelde”-post som skal ta vare på moglegheiter for mindre spleiselag etter lokale initiativ”

Les handlingsprogrammet (pdf)

Høyringskonferanse

Presentasjonar frå høyringskonferansen 10.09.2009 om det framtidige fylkesvegnettet 

Høyringsutkast

Høyringsutkast (pdf) som er sendt på høyring til kommunar, regionar og ulike interesseorganisasjoner

27.01.2010 14:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart