Transportplanlegging

Planleggingsansvar for fylkesvegar m.m.

Det offentlege ansvaret for transportinfrastrukturen (vegar, hamner, baner osv.) er fordelt mellom staten (ved transportetatane), fylkeskommunane og kommunane. Hordaland fylkeskommune har ansvaret for omlag 3000 km. fylkesveg, bybantraseen, kaiar og innfrastruktur knytt til kollektivtrafikken (innfartsparkering, terminalar m.m).

Denne infrastrukturen må fylkeskommunen drifta, vedlikehalda og utvikla. Til dette krevst det planlegging. Mykje av denne planlegginga vert gjort i samferdselsavdelinga og gjennom sams vegadministrasjon med Statens vegvesen. 

Utvida planleggingsansvar

Fylkeskommunen har også planleggingsansvar i høve til infrastruktur som ikkje er fylkeskommunalt eigd, mellom anna knytt til bompengeprosjekt, forskotteringar og trafikksikingstiltak på riksvegnettet  i fylket.

Fylkeskommunen har dessutan, som regional utviklingsaktør, ei utvikling og samordningsrolle for transportplanlegging utover kommune- og fylkesgrensene. Gjennom forvaltningsreforma har fylkeskommunen også fått ei utvida rolle som ein meir heilskapleg transportpolitisk aktør. 

I Bergen er det eit omfattande samarbeid mellom Bergen kommunen, Statens vegvesen og fylkesekommunen i regi av Bergensprogrammet. 

Fylkeskommunen er også ein sentral samarbeidspartnar i arbeidet med den statlege Nasjonal transportplan. 

Aktuelt

Aktuelle nyhende som er relatert til samferdselsavdelinga sine oppgåver innanfor transportplanlegging og infrastruktur finn ein  under "Samferdselsnytt" på samferdselsavdelinga si heimeside

Kontakt oss

For nærmare informasjon om transportplanlegging og infrastruktur på samferdselsområdet i fylkeskommunen, ta gjerne kontakt med: 

Thorbjørn Aarethun 
(Leiar for Transportplanseksjonen)

- eller med andre tilsette i seksjonen:

Torill Klinker
Nils Egil Grude
Bjørn Inge Midtgård
Marte Hagen Eriksrud
Gunhild Raddum

Sist endra 7.2.2012
Bjørn Inge Midtgård

23.06.2005 15:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart