Vilkår for løyve

Vilkåra for å få løyve er fastsett i yrkestransportforskrifta § 4. Dersom ikkje særlige grunnar talar mot det kan løyve tildelast søkjar som har:

  • God vandel
  • Tilfredsstillande økonomisk evne
  • Tilstrekkeleg fagleg kompetanse

Vandel

Skal vera attestert ved politiattest 

Økonomisk evne

Er søkjar eit nystifta foretak, må dagleg leiar personleg oppfylle kravet om å leggje fram attestar for betalte skattar og avgifter. Kravet til garanti gjeld derimot for selskapet.

Vidare vert det kravd:

  • Attest frå skattefut (ikkje skuldig moms)
  • Attest frå kommuneetat/skatt Vest (ikkje skuldig skatt)
  • Attest frå Brønnøysund (konkursregisteret og firmaattest)
  • Økonomisk evne skal vera attestert med garanti- erklæring frå bank eller forsikringsselskap. Garantibeløpet er kroner 77.000,- for første løyve og kroner 43.000,- for kvart av dei påfølgjande løyva. Standard formular for garantiar skal nyttast. Dette får ein hos garantistillar.  

Fagleg kompetanse

Den som innehar løyve for den løyvetypen det vert søkt om er kvalifisert.

Elles gjeld at søkjaren ved vitnemål må attestere å ha bestått eksamen frå ein av departementet godkjend teoretisk opplæring jfr. rundskriv
N-1/2008 om fagleg kompetanse.

Er søkjar eit selskap må dagleg leiar fylle krava til vandel og fagleg kompetanse.  Gjeld det eit ansvarleg selskap (ANS) er det tilstrekkeleg at ein av deltakarane fyller kvalifikasjonskravet.  Det same gjeld for selskapstypen delt ansvar (DA). 

Gebyr

Gebyret for å ta ut løyvedokument er for tida kroner 3.400,- for kvart dokument. Ved innlevering av løyvedokument er returbeløpet på 1,5 ganger rettsgebyret, eller det beløp som gjaldt då løyvet ble skrive ut.

Søknad om løyve må innehalde:

  • Søkjaren sitt organisasjonsnummer i Einingsregisteret, (firma), namn,  adresse, telefonnr, e-postadresse m.m.
  • Omtale av formålet med løyvesøknaden
  • Dagleg leiar sitt namn og fødselsnummer 
  • Attest frå kommuneetat
  • Attest frå skattefut (i kommunen)
  • Attest frå Konkursregisteret
  • Politiattest i original
  • Firmaattest frå Foretaksregisteret
  • Garanti frå bank eller trygdelag pålydande kr 77 000,- for første vogneining og kr 43 000,- for påfølgjande vogneiningar som skal nyttast

    Attestane må vere av nyare dato enn tre månader.
Morten Havsgård 10.03.2011 15:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart