Turvogn

Den som mot vederlag vil drive persontransport med motorvogn må ha løyve. Turvognløyve er eit løyve som gjev innehavaren rett til å drive persontransport med motorvogn utanfor rute registrert for over åtte personar i tillegg til førarsetet.

Turvognløyve er eit kvalifikasjonsbestemt løyve.  Det inneber at løyvetala ikkje er avgrensa, men søkjar må innfri bestemte vilkår for å få slike løyver. Vilkåra for å få løyve er fastsett i yrkestransportforskrifta §4. Dersom ikkje særlige grunnar taler mot det kan løyve tildelast søkjar som har:

  • god vandel
  • tifredsstillande økonomisk evne, og
  • tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

Den som fakturerer transporttenesten skal ha løyve. Eit løyvedokument gjeld for transport med ei motorvogn. Løyvedokument kan ikkje lånast eller leigast ut til andre.

Før tildeling av løyve kan finne stad må verksemda vere registrert i Brønnøysundregistrene. 

Søknad kan du skrive på søknadsskjema eller nytte verksemda sitt brevark.

Internasjonal persontransport
Dersom du skal utføre persontransport utanfor Norge må du søkje Statens vegvesen – Vegdirektoratet om lisens eller tillatelse.  Dette gjeld:

  • Fellesskapslisens for kjøring i EØS-området
  • Enkeltturtillatelser for persontransport 

Lenkjer
Vilkår for løyve
Vegdirektoratet si oversikt over tillatelser
Kontaktinformasjon Vegdirektoratet
Søknadsskjema
Forvaltningslova
Rundskriv N-4/2002 om fagleg kompetane
Brønnøysundregistrene
Yrkestransportforskrifta

 

 Sist endra 31.03.2011

Morten Havsgård 03.06.2005 13:08
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart