Det er Hordaland fylkeskommune som har mynde til å opprette og tildele løyve for transport for funksjonshemma. Slike løyve er behovsprøvd.
Løyve for transport for funksjonshemma gir innehavaren rett og plikt til å drive persontransport mot vederlag med motorvogn som er spesielt utforma og/eller utstyrt for transport for funksjonshemma i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar om tekniske krav til motorvogn som blir nytta til løyvepliktig transport for funksjonshemma.
I følgje yrkestransportforskrifta § 4 kan løyve for transport for funksjonshemma tildelast søkjarar som har:
- god vandel
- tilfredsstillande økonomisk evne
- tilstrekkeleg fagleg kompetanse.
Særskilt søknadsskjema skal nyttast. Søknad med vedlegg skal sendast til samferdselsavdelinga.
Det blir kravd eit sakshandsamingsgebyr i samband med søknad og utferding av løyvedokument.
Lenkjer
Vilkår for løyve
Søknadsskjema
Sist endra 31.03.2011
Siri Huseklepp 10.06.2005 12:46