Selskapsvogn

Det er Hordaland fylkeskommunen som har mynde til å tildele selskapsvognløyve. Slikt løyve gir innehavar rett til å drive persontransport mot vederlag registrert for inntil 9 personar. Det skal berre nyttast eksklusivt materiell godkjent av fylkeskommunen.

Hordaland fylkeskommune har utarbeidd eigne retningsliner med omsyn til kva bilar som blir godkjent som selskapsvogn utan nærmare vurdering. Bilen som skal registrerast på løyve skal uansett visast fram for samferdselsavdelinga for godkjenning. Selskapsvognløyve er behovsprøvd. 

Løyve kan tildelast søkjar som har: 

  • god vandel
  • tilfredsstillande økonomisk evne
  • tilstrekkeleg fagleg kompetanse. 

Det skal nyttast særskilt søknadsskjema ved søknad om selskapsvognløyve. Søknad med vedlegg skal sendast til Hordaland fylkeskommune v/samferdselsavdelinga. Det blir kravd eit sakshandsamingsgebyr i samband med søknad og utferding av løyvedokument.

Lenkjer
Vilkår for løyve
Søknadsskjema

Sist endra 31.03.2011   

Siri Huseklepp 03.06.2005 13:08
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart