Hordaland fylkeskommune har ansvaret for å handsama alle saker som gjeld å tildela og sjå til drifta av løyve for persontransport i rute for all fylkesintern buss-, båt- og fylkesvegferjedrift i alle kommunane i Hordaland, herunder takst og tilskot.
Hordaland fylkeskommune er også løyvestyresmakt for fylkesoverskridande ruter dersom løyvesøkjar har forretningsadressa si i Hordaland og ruta gjeld i Hordaland. Dersom ruta gjeld i eit anna fylke, skal den fylkeskommunen kor endepunktet for ruta er eller kor ein reknar med at hovuddelen av trafikkgrunnlaget er behandla søknaden (sjå rundskriv N-3/2006). Vegdirektoratet er løyvestyresmakt for riksvegferjer.
Den som vil utføra kollektivtransport ("persontransport i rute med motorvogn eller fartøy mot vederlag") må ha løyve frå løyvestyresmakta.
Etter § 12 i yrkestransportforskrifta tredje ledd skal søkar ved søknad om ruteløyve betala eit behandlingsgebyr til den fylkeskommunen som handsamar ruteløyvesøknaden. Saksbehandlingsgebyret vert ikkje returnert, korkje ved negativt utfall av søknaden eller ved innlevering av løyve (sjå N-2/2005). Meir informasjon knytt til søknad om løyve finn ein nedanfor under "vilkår for løyve".
Ruteløyve er behovsprøvd. Det vil seia at talet på løyve er underlagt politisk vurdering. Ved søknad om ruteløyve vert saka førebudd av samferdselsavdelinga for samferdselsutvalet og fylkesutvalet som gjer vedtak i saka.
Kva reglar som gjeld for ruteløyve er m.a. omtalt i yrkestransportlova, yrkestransportforskrifta, og i gjeldande rundskriv frå Samferdselsdepartementet.
Lenkjer
Vilkår for løyve
Einingsregisteret
Rundskriv N-2/2005
Rundskriv N-3/2006
Konkursregisteret
Politiattest
Forskrift om firmaattest
Saksdokument til politiske utval i Hordaland fylkeskommune
Yrkestransportlova
Yrkestransportforskrifta
Rundskriv frå Samferdselsdepartementet
Sist endra 31.03.2011