Den som mot vederlag vil drive godstransport med motorvogn med tillatt totalvekt over 3.500 kg. må ha løyve.
Det same gjeld den som utfører godstransport mot vederlag som elles er fritatt frå kravet om løyve når transporten kan bli sett på som ledd i næringsverksemd.
Godsløyve er eit kvalifikasjonsbestemt løyve. Det inneber at løyvetala ikkje er avgrensa, men søkjar må innfri bestemte vilkår for å få slike løyve.
Vilkåra for å få løyve er fastsett i yrkestransportforskrifta § 4. Dersom ikkje særlige grunnar talar mot det kan løyve tildelast søkjar som har:
Kvalifikasjonskravet
Den som innehar løyve for den løyvetypen det vert søkt om er kvalifisert. Elles gjeld at søkjaren ved vitnemål må attestere å ha bestått eksamen frå ein av departementet godkjend teoretisk opplæring jfr. rundskriv
N-4/2002 om fagleg kompetanse.
Er søkjar eit aksjeselskap (AS) må dagleg leiar fylle krava til vandel og fagleg kompetanse. Gjeld det eit ansvarleg selskap (ANS) er det tilstrekkeleg at ein av deltakarane fyller kvalifikasjonskravet. Det same gjeld for selskapstypen delt ansvar (DA).
Klage
Vedtak om tildeling av løyve, eller vedtak om avslag på løyvesøknad, kan etter forvaltningslova påklagast. Klagefristen er 3 veker frå mottak av vedtak. Eit vedtak er ikkje endeleg før klagefristen er ute eller eventuell klage er endeleg avgjort. Klage skal sendast samferdselsavdelinga.
Den som fakturerar transporttenesten skal ha løyve. Eit løyvedokument gjeld for transport med ein motorvogn. Løyvedokument kan ikkje lånast eller leigast ut til andre.
Før tildeling av løyve kan finne stad må verksemda vere registrert i Brønnøysundregistrene. Dette skal attesterast med firmaattest.
Søknad kan du skrive på vårt søknadsskjema, eller nytte verksemda sitt brevark. Meir informasjon knytt til søknad om løyve finn ein nedanfor under "vilkår for løyve".
Internasjonal godstransport
Dersom du skal utføre godstransport utanfor Norge må du søkje Statens vegvesen - Vegdirektoratet om løyve. Dei ulike typane løyve er:
- Fellesskapstillatelse for godstransport i EØS-området
- Enkeltturtillatelse for godstransport
- CEMT-tillatelse for godstransport
Lenkjer
Vilkår for løyve
Vegdirektoratet si oversikt over tillatelser
Kontaktinformasjon Vegdirektoratet
Søknadsskjema
Forvaltningslova
Rundskriv N-4/2002 om fagleg kompetane
Brønnøysundregistrene
Yrkestransportforskrifta §4
Sist endra 08.04.2010