Vidaregåande skole

Samferdselsavdelinga organiserer og finansierer skoleskyss for elevar i vidaregåande skole i Hordaland.

Funksjonshemming, skade, avhengig av båt
Elevar med dokumentert varig funksjonshemming eller mellombels skade har rett til fri skoleskyss uavhengig av avstand.  Det same gjeld elevar som må nytte båt til/frå skolen.

Avstand mellom heim og skole
Avstanden mellom heim og skole kan gje rett til fri skoleskyss. Avstand vert målt frå dør til dør langs kortaste "farande veg". Oppmåling vert utført på digitale kart. Private målemetodar med til dømes bil eller GPS vert ikkje vektlagt.

Følgjande avstandsgrenser gjeld
Vidaregåande skole: 6 000 meter.

Busstransport
I Hordaland er det samordning av skolereisekort og UngdomSkyss. Dette inneber at dei fleste elevane må kjøpe UngdomSkyss til skoleskyssen. Ordninga gjeld for alle funksjonsfriske elevar opp til fylte 20 år (til og med 19 år) som bur i eit område med tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida. UngdomSkyss kan nyttast på ekspressbussar, snøggbåt- og ferjeruter, - i tillegg til buss og lokaltog. Tilbodet gjeld ruter innanfor Hordaland fylke. Elevar som ikkje er fylt 16 år ved skolestart, må ha med inntaksbevis ved kjøp av UngdomSkyss.

For elevar som fell utanfor samordninga kan få skolereisekort hvis dei elles oppfyller krava til gratis skoleskyss.

Gang-, reise- og ventetid
Elevane må vere innstilt på gangavstand til busshaldeplass/hentestad.  For elevar i vidaregåande skole er grensa 3 000 meter (rettleiiande).

I tillegg til gang- og reisetid må ein pårekne venting på transportmiddel som følgje av rutetider, samordning med annan skuleskyss etc.
Akseptabel ventetid vert i utgangspunktet rekna for å vere ein time venting både formiddag og ettermiddag kvar dag heile veka.  Inga grense for gang- eller reisetid.

Særskild skyss
Elevar som ikkje kan nytte buss kan få godkjend særskild skyssordning.  Føresette kan mot førehandsgodkjenning transportere eigne barn mot kilometergodtgjersle.  Det kan og bli sett opp drosje, til dømes for transport av funksjonshemma elevar.  All elevskyss blir samordna.  Det kan føre til ventetid og/eller ekstra reisetid for elevane.
 
Elevane har rett på skyss til skolen sine ordinære start- og sluttider.  Det betyr at det ikkje vert sett opp ekstra skyss i samband med sein starttid eller tidleg sluttid, med mindre det ikkje fører til meirkostnader for Hordaland fylkeskommune.

Ytterlegare informasjon kan ein få ved å kontakte dei skyssansvarlege ved skolane/skolekontora eller til samferdselsavdelinga.

Aktuelle brosjyrer og dokument

 

    Sist endra 06.05.2010
Knut Djuve 05.01.2007 12:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart