Samferdselsavdelinga organiserer og finansierer skoleskyss for elevar i grunnskolen.
Funksjonshemming, skade, avhengig av båt, særleg farleg skoleveg
Elevar med dokumentert varig funksjonshemming eller mellombels skade har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstand. Det same gjeld elevar som må nytte båt til/frå skolen, og elevar i grunnskolen med særleg farleg eller vanskeleg skoleveg.
Avstand mellom heim og skule
Avstanden mellom heim og skole kan gje rett til fri skoleskyss. Avstand vert målt frå dør til dør langs kortaste "farande veg". Oppmåling vert utført på digitale kart. Private målemetodar med til dømes bil eller GPS vert ikkje vektlagt.
Følgjande avstandsgrenser gjeld
1. klasse : 2 000 meter
2. - 10. klasse : 4 000 meter
Busstransport
Elevar med rett til fri skoleskyss som kan nytte buss vil få utdelt skolereisekort (busskort) på skolen. Elevane må vere innstilt på gangavstand til busshaldeplass/hentestad. Følgjande avstandsgrenser for "sideveg" gjeld:
1. klasse: 1 000 meter
2. - 10. klasse: 2 000 meter
Gang-, reise- og ventetid
Elevane må i tillegg til gang- og reisetid pårekne venting på transportmiddel som følgje av rutetider, samordning med annan skuleskyss etc.
Særskild skyss
Elevar som ikkje kan nytte buss kan få godkjend særskild skyssordning. Føresette kan mot førehandsgodkjenning transportere eigne barn mot kilometergodtgjersle. Det kan og bli sett opp drosje, til dømes for transport av funksjonshemma elevar. All elevskyss blir vurdert som offentleg transport og dermed samordna. Det kan føre til ventetid og/eller ekstra reisetid for elevane.
Elevane har rett på skyss i samband med skolen sine ordinære start- og sluttider. Det betyr at det ikkje vert sett opp ekstra skyss i samband med opphald i skulefritidsordning, sein starttid eller tidleg sluttid, med mindre det ikkje fører til meirkostnader for Hordaland fylkeskommune.
Ytterlegare informasjon kan ein få ved å kontakte dei skyssansvarlege ved skolane/skolekontora eller til samferdselsavdelinga.
Aktuelle brosjyrer
Sist endra 06.05.2010