Skoleskyss

Samferdselsavdelinga organiserer og finansierer skoleskyss for elevar i grunnskolen og den vidaregåande skolen i Hordaland.

 

Søknad om særskild skoleskyss 

Grunnskolen

Hordaland fylkeskommune er i følgje opplæringslova ansvarleg for skoleskyss for elevar i grunnskolen og har vedtaksmynde i slike saker. Dette gjeld ikkje skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg under 4000 meter (2000 meter for elevar i
1. klasse). I slike saker har kommunane vedtaksmynde. Funksjonshemma elevar har rett på skoleskyss uavhengig av avstand. 

Vidaregåande skole

I Hordaland nyttar elevane som hovudregel ungdomskort til skoleskyssen. Dette gjeld også elevar med avstand heim-skole over 6 km. Det betyr at funksjonsfriske elevar under 20 år som bur innanfor definerte område med tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida ikkje har rett på gratis skolereisekort. Dei må løyse ungdomskort om dei ønskjer skyss.  

Unnatak frå denne reglen er elevar over 20 år, eller som bur utanfor dei definerte områda med "tilfredstillande kollektivtilbod". Føresetnaden for fri skoleskyss er at dei oppfyller vilkåra i opplæringslova, dvs at ein har meir enn 6000 meter mellom heim og skole eller av andre særskilde grunnar har rett på fri skoleskyss.

Elevar som ikkje har fylt 16 år før skolestart, må i tillegg til identifikasjonskort og ha med bevis på tildelt skoleplass.

 

Kontaktpersonar skoleskyss

Område

Kontaktperson HFK

Bergen:
Arna
Bergenhus 
Fyllingsdalen
Laksevåg
Loddefjord

Gunhild Raddum 
(Tlf: 55 23 93 54)

Bergen:
Fana
Ytrebygda
Årstad
Åsane

Knut Djuve
(Tlf: 55 23 93 52)
Askøy Gunhild Raddum
(Tlf: 55 23 93 54)
Hardanger Knut Djuve
(Tlf: 55 23 93 52)
Nordhordland og Osterøy Knut Djuve
(Tlf: 55 23 93 52)
Os, Fusa og Sunnhordland Kathrine Sundt
(Tlf: 55 23 93 48)
Samnanger Knut Djuve
(Tlf: 55 23 93 52)
Sotra og Øygarden Gunhild Raddum
(Tlf: 55 23 93 54)
Vaksdal Gunhild Raddum
(Tlf: 55 23 93 54)
Voss og Modalen Kathrine Sundt
(Tlf: 55 23 93 48)

Fagredaktør skoleskyss: Knut Djuve

Sist endra 08.02.2010

19.03.2007 14:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart