
UngdomSkyss er gyldig frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 20 år. Elevar i den vidaregåande skolen som ikkje er fylt 16 år kan og kjøpe UngdomSkyss, men må dokumenterere gjennom inntaksbeviset at dei er elevar i den vidaregåande skolen.
UngdomSkyss kostar pr i dag kr 300,- og kan nyttast på følgjande transport:
Buss
- Alle ordinære bussruter i Hordaland unnateke nattbussruter og flybussruter.
- Kystbussen frå/til Haugesund unnateke lokaltrafikk på strekninga Bergen – Sandvikvåg.
- Ekspressbussrutene mot Sogn og Fjordane frå/til fylkesgrensa.
- Haukeliekspressen frå/til fylkesgrensa.
- Trygt heim-rutene.
Båt
- Alle snøggbåtrutene i Hordaland inkludert Flaggruten og Snarveien, men unnateke strekninga Bergen-Lygra-Fonnes/Vardetangen.
- Alle lokalbåtrutene i Hordaland.
Ferje
- Alle ferjerutene i Hordaland inkludert sambanda Breistein-Valestrandsfossen og Masfjordnes-Duesundøy.
Tog
- Alle lokaltogrutene i Hordaland.
Ved bruk av UngdomSkyss
Ta vare på aktiveringskvittering for framvising på reiser med NSB Lokaltog, ferjer og ekspressbussar. På transportmiddel utan vårt billettsystem, må du i tillegg til Skysskortet og aktiveringskvittering, vise gyldig legitimasjon.
Fornying av UngdomSkyss
Kortet kan fornyast der det kan førstegongskjøpast samt på alle lokale og regionale bussruter. Sjå skyss.no for bestilling av Skysskortet og for meir informasjon om UngdomSkyss.
Lenkjer
Skyss
Rutelag
Sist endra 08.03.2011
Rolf Rosenlund 02.07.2010 10:23