|
Handlingsprogram 2010-2013(19) for det nye fylkesvegnettet i Hordaland – høyring av utkast
Hordaland fylkeskommune blir frå 2010 vegeigar for eit langt meir omfattande vegnett enn tidlegare. Bakgrunnen for dette er endring av ansvarsforhold etter forvaltningsreforma som tek til å gjelde frå 1. januar 2010. Ansvaret for store delar av det øvrige riksvegnettet og dei fleste riksvegferjene blir med dette overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane.
I handlingsprogrammet vert viktige føresetnader, målsetjingar, økonomiske rammer og prioriteringar for det nye fylkesvegnettet presenterte.
Les utkastet her
Høyringskonferanse om det framtidige fylkesvegnettet 10. september inviterte Hordaland fylkeskommune og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til høyringsseminar om det framtidige fylkevegnettet etter forvaltningsreforma.
Frå 1. januar 2010 overtek fylkeskommunane det meste av dagens øvrige riksvegnett med tilhøyrande ferjesamband frå Statens vegvesen.
Eit handlingsprogram med omtale av status, utfordringar, økonomiske rammer og prioriteringar på det nye fylkesvegnettet dei neste ti åra ligg til høyring i perioden 1. juli – 1. oktober.
På høyringsseminaret presenterte Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest arbeidet med forvaltningsreforma og handlingsprogramutkastet.
Meir enn 80 deltakarar frå kommunar, næringsliv og organisasjonar bidrog til eit spanande seminar med mange gode innspel til det vidare arbeidet fram mot endeleg handsaming av handlingsprogrammet på fylkestinget 8.-9. desember.
Presentasjonar frå innleiarane finn ein her |